Yddin er ein innsjø i Øystre Slidre kommune i Valdres i Innlandet. Han ligg 854 meter over havet og arealet er 2,05 km². Han strekkjer seg frå Skatrudstølen i søraust til Yddebu i vest. Dei tre største tilløpselvane i Yddin er Vangsjøåni, Trollåsåni og Kjølaåni. Den einaste elva som renn ut av Yddin er Yddeåni som renn vidare til Søre Vindin. Yddin er ein del av Vindavassdraget.

Kategori:Innsjøar i Øystre Slidre