Røyri er ein innsjø i Øystre Slidre kommune i Valdres, Innlandet. Han ligg 914 meter over havet og arealet er 1,48 km². Innsjøen ligg vest for Rabalsmellen (1111 moh). Den største tilløpselva kjem frå Øyangen. Frå Røyri renn vatnet ut i Vangsjøen. Røyri er ein del av Vindavassdraget.

Røyri er i eit privateigd vatn, og fiske er normalt ikkje lov. I vatnet finst det aure, åbor og ørekyte.

Området rundt sjøen er prega av stølsdrift med kyr og geiter, og er eit populært hytte- og turområde både sommar og vinter. Nord for vatnet finn ein stølen Buahaugen.

Kategori:Innsjøar i Øystre Slidre‎