Gjerdingen er eit vatn som ligg i kommunane Jevnaker og Lunner i Nordmarka i Akershus fylke. Vatnet høyrde ikkje opphavleg til nedslagsfeltet til Akerselva, men ein tunnel grave ut mellom 1900 og 1909 mellom Gjerdingen og Daltjuven i søraust, og ein tunnel vidare frå der til Store Sandungen, gjer at Maridalsvannet òg tar imot vatn frå dette vassdraget.

mini|venstre|Gjerdingen, ca. 1930-1940 Demninga i Gjerdingen vart bygd i 1913. Vatnet er regulert med om lag 7 m. Gjerdingselva renn frå Gjerdingen til vatnet Store Skillingen. Gjerdingen gard på Hollendertangen midt i vatnet er ein tradisjonsrik nordmarksgard og finneplass.

Kategori:Innsjøar i Akershus Kategori:Geografi i Jevnaker Kategori:Geografi i Lunner