Limingen (sørsamisk Lyjmede) er ein innsjø i kommunane Røyrvik og Lierne i Trøndelag fylke. Sjøen ligg 418 moh. og har eit areal på 93 km². På det djupaste er han 192 m djup, i gjennomsnitt 89 m. Limingen er Trøndelags tredje største i storleik, nest størst i romslegheit.
Innsjøen har ein bestand av røye og aure. Frå 1970-talet finn ein òg ørekyte.
Innsjøen er regulert. Røyrvikelva i nordenden kjem frå Vektaren og er stort sett oppdemd. Vatnet vert i staden ført gjennom tunnel til Røyrvikfoss kraftverk i tettstaden Røyrvik. I sørenden, ved grenda Limingen i Lierne, vert vatnet ført ut i tunnel til Tunnsjøen via Tunnsjø Kraftverk, samt til Linvasselv Kraftverk på svensk side. Det er opptil 10 meter variasjon i vasstanden.
Kategori:Innsjøar i Lierne Kategori:Innsjøar i Røyrvik Kategori:Ångermanälven-vassdraget Kategori:Reservoar i Trøndelag