Helgåvatnet er eit vatn som ligg i Rana kommune i Nordland. Vatnet er ein del av Helgåvassdraget.
I den øvre delen av vatnet har det fram til 1950-talet vore gardsdrift, medan det no berre er 6-7 hytter rundt vatnet. Området har på grunn av vanskeleg tilgjenge mest vore nytta av dei lokale innbyggjarane i Nordsjona som rekreasjonsområde, men etter at det vart veg til Nordsjona i 1983 er òg tilreisande byrja å nytte området.
Vatnet har bestand av både aure og røye, samt ein del stingsild.
Kategori:Innsjøar i Rana