Degnepollvatnet, Deknepollvatnet, lokalt kalla Polljavatnet er ein innsjø i Kinn kommune i Vestland. Innsjøen ligg ved den vesle bygda Degnepoll og er ein populær stad for fiske og bading om sommaren. Om vinteren vert vatnet ofte nytta til skeising, men dei siste åra har ikkje vatnet vore kaldt nok til at isen har lagt seg. Innsjøen har tidlegare vore nytta som drikkevasskjelde.

Kategori:Innsjøar i Vestland Kategori:Geografi i Kinn