Toflekka treløpar er ei bille i trebukkfamilien. Arten er ganske lett å kjenna att på dei to prikkane han har på kvar dekkvengje, og lever i store delar av Europa, Kaukasus og Litle-Asia. I Noreg ser han ut til å vera knytt hovudsakleg til kystnære område på Vestlandet, sidan det er så milde vintrar og så lite varierande klima der.

Levesett Toflekka treløpar er ikkje vidare spesialisert. Ein finn han hovudsakleg i samband med bartre, men han kan òg nytta mange slags lauvtre. Larvane gneg som regel i fuktig, daud og rotnande ved i stubbar og liggande stammar, men dei finst òg stundom i ståande trevirke. Ein finn gangane deira hovudsakleg i yteveden, kor dei òg lagar puppekammeret sitt. Det er her billene vert klekt og overvintrar før dei kjem fram om våren.

Generasjonstida er to år eller meir.

Kjelder Norges Biller

Bakgrunnsstoff

Kategori:Trebukkar