Ramsfjellet er eit skogdekt fjell som ligg nord i Sveio. Toppen er om lag 150 moh. Fjellet ligg sør frå Paddeveien, aust frå Mølstre og vest frå Tveitfjellet. Fjellet har to toppar, og nedanfor fjellet ligg Furuvatnet. Ein kan nå Ramsfjellet frå mange stader, mellom anna stien mellom Tveit og Fjellstad som går forbi fjellet. Det går ikkje noko sti direkte til fjellet.
Kategori:Fjell i Vestland Kategori:Geografi i Sveio Kategori:Fjell under 1000 meter i Noreg