Stetinden (2020 moh.) er eit fjell i Leirdalen i Jotunheimen på grensa mellom Lom kommune i Innlandet og Luster kommune i Vestland.
Med den «svarte knollen» på toppen er han godt synleg frå Leirvassbu, og er ein av dei mest populære turane frå hytta. Frå Leirvassbu tar turen om lag 4 timar til fots opp og ned på sommarstid. Turen er noko kortare på vinterstid. Toppen er grei å nå både frå aust og søraust, medan ein frå vest møter eit stup på fleire hundre meter.
Frå toppen er det god utsikt til Storebjørn (2222 moh.)
Dei første til å nå toppen av fjellet var Carl Christian Hall og Mattias Soggemoen i 1890.
Kategori:Fjell i Lom Kategori:Fjell i Luster Kategori:Jotunheimen