Rundemellen (1345 moh.) er eit fjell i Øystre Slidre kommune i Innlandet.
Rundemellen er ein del av dei såkalla Mellene, som i tillegg består av Rabalsmellen (1111 moh.), Skarvemellen (1267 moh.) og Kalvemellen (1136 moh.)
Rundemellen har ein av dei beste utsyna i Valdres. På godversdagar kan du sjå heilt til Gaustatoppen i Telemark. Vidare ser ein godt over i Hallingdal med Hemsedalsfjella, Filefjell, Bygdin med Bitihorn, fjellrekka i Jotunheimen med mellom anna Besshøe og Glittertind. Nærare kan ein sjå Skaget og i aust Synnfjell med Spåtind. I sør ser ein Leirin flyplass.
Kategori:Fjell i Øystre Slidre