Storsølnkletten (òg kalla Store Sølnkletten og Sølnkletten) er eit fjell i Alvdal kommune i Innlandet, drygt 20 km sørvest for Alvdal sentrum. Toppen er 1827 moh. og er det høgaste punktet i Alvdal. Fjellet har ei lett gjenkjenneleg sadelform, og ein kan sjå fjellet frå store delar av Nord-Austerdalen. Den lågare toppen, nordvest for hovudtoppen, ligg 1690 moh.

Fjellet er omgjeve av lett turterreng, men det tar ein heil dag å nå begge toppane. Ruta er godt merkt. Det er parti der ein må klyve litt, men det er lite og krev ikkje noko utstyr.

Fjellet ligg sør-søraust for Veslsølnkletten (1454 moh.).

Sjå òg Høgaste fjell i Noreg etter primærfaktor

Kategori:Geografi i Alvdal Kategori:Fjell i Innlandet