Kateríni (gresk Κατερίνη) er ein by og ein kommune i periferieininga Piería i periferien Sentral-Makedonía i Hellas. Han ligg på Pieríasletta mellom Ólymbos og Thermaikósbukta i ei høgd på 14 m. Byen, som er ein av dei nyaste i Hellas, har om lag 57 000 innbyggjarar. Han ligg nær Thessaloníki, den nest største byen i Hellas og som har hjelpt utviklinga til Kateríni dei seinaste åra.
Kateríni ligg seks kilometer frå sjøen, og er eit populært turistmål. Strendene Korinós, Paralía og Olymbiakí Aktí er mykje brukte sumarstid. Fleire arkeologiske funn, som den antikke byen Dío og det venetianske slottet Platamónas, finst i området.
Bynamnet har sine røter i Katerina av Alexandria (Ajía Ekateríni), ein gresk-ortodoks martyr, som levde på 300-talet. Kateríni vart frigjord frå osmanarane 16. oktober 1912 under den første balkankrigen. Den tyske hæren tok byen 14. april 1941 og trekte seg ut tre år seinare.
Administrativ inndeling mini|venstre|Den tidlegare kommunen Kateríni, no kommunaleininga Kateríni Kommunen vart danna i 2011 ved at ein slo saman dei tidlegare kommunane Pétra Piérii Elafína Kateríni Paralía Korinós Dei seks tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.
Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen 82 892 innbyggjarar, medan kommunaleininga Kateríni hadde 62 742 og tettstaden med same namn 56 961 innbyggjarar.
Byar og tettstader Dei største byane og tettstadene i kommunen er: Tettstad Kommunaleining Folketal 2011Folketeljing 2011, revidert Folketal 2021Folketeljing 2021 Kateríni Kateríni 55 997 56 961 Korinós Korinós 3 487 3 115 Kallithéa Paralía 3 134 2 933 Perístasi Paralía 2 545 2 367 Svorónos Kateríni 1 948 1 842 Lófos Pétra 1 496 1 323 Andromákhi Kateríni 1 061 1 043 Paralía Paralía 1 124 928 Ritíni Piérii 1 138 890 Paleó Keramídi Elafína 890 795 Káto Miliá Pétra 869 776 Ganókhora Kateríni 799 656 Ájos Dimítrios Pétra 627 520 Néo Keramídio Kateríni 464 511 Káto Ájos Ioánnis Korinós 603 486 Moskhokhóri Pétra 516 462 Moskhopótamos Elafína 543 457
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Katerini» frå , den 11. februar 2005.
Referansar
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad (gresk)
Katerini Katerini Katerini Katerini Katerini