mini|høgre|Sankt Edmund martyren, krona av englar, frå eit manuskript ved Bury St Edmunds ca 1130.
mini|Fyrstesida til Peterborough-krønika, sannsynlegvis nedskrive ein gong rundt 1150, og er ein av dei viktigaste kjeldene til Den angelsaksiske krønika. Angelsaksisk litteratur, også kalla gammalengelsk litteratur, omfattar litteraturen som blei skriven på angelsaksisk (gammalengelsk) i løpet av den 600 år lange angelsaksiske perioden i England, frå midten av 400-talet og fram til den normanniske erobringa av England i 1066. Tekstane dekker sjangrar som episke og kortare dikt, hagiografiar (helgenbiografiar), preiker (forkynningar), bibelomsettingar, lovverk, krøniker, gåter og anna. I alt er det blitt bevart rundt 400 manuskript frå denne perioden, ein betydeleg korpus (mengd) som har interesse både for allmennheita og vitskapeleg forsking.
Eit av dei viktigaste verka frå den angelsaksiske perioden er diktet Beowulf som har fått ein status i England som eit nasjonalepos. Den angelsaksiske krønika er betydingsfull som ein historisk dokumentasjon av perioden ved å vera kronologi av tidleg engelsk historie, mens det korte religiøse diktet Cædmons hymne frå 600-talet er det eldste bevarte litterære verket på engelsk. Av angelsaksisk poesi, som kan bli betrakta som mest betydingsfull innanfor angelsaksisk litteratur, er det ikkje bevart meir enn til saman 30 000 diktlinjer.
Angelsaksisk litteratur har gått gjennom ulike forskingsperiodar. På 1800-talet og tidleg på 1900-talet var fokuset plassert på dei germanske røtene til England, seinare blei dei litterære kvalitetane framheva, og i dagens forsking er hovudvekta plassert på paleografi, den filologiske forskinga innanfor utviklinga til skrifta og bruken i eldre tid samt lesing og tolking av handskrifter, og dei fysiske manuskripta i seg sjølve. Forskarane diskuterer ulike emne som datering, opphavsstad, forfattarskap, og samanhengen mellom angelsaksisk litteratur og det øvrige Europa i mellomalderen.
Oversikt Eit stort tal angelsaksiske manuskript er bevarde. Nokre er frå 600-talet, men dei fleste er frå 800-talet til 1100-talet, både på latin og på morsmålet. Angelsaksisk litteratur er blant dei eldste morsmålsspråka som blei skrivne ned. Angelsaksisk begynte i skriftleg form, som var naudsynt i kjølvatnet av dei danske invasjonane – autoritetane i kyrkja var urolege ettersom det var eit kunnskapsfall i latin slik at stadig færre var i stand til å lesa verka deira. På same tid hadde kong Alfred den store (849–899) eit bevisst ønske om å gjenopprette engelsk kultur mens han beklaga den sørgjelege tilstanden til latinundervisninga:
«Så generell var [undervisingas] forfall i England at det var nå berre nokre få på denne sida av Humber som kunne... omsetta eit brev frå latin til engelsk; og eg meiner at det ikkje var mange bortanfor Humber heller». (Pastoral omsorg, innleiing).
Kong Alfred bemerka at mens svært få kunne lesa latin var det framleis mange som kunne lesa angelsaksisk. Han føreslo derfor at studentane burde bli utdanna i morsmålet, og dei som utmerkte seg burde deretter studera latin. Av denne grunnen er mange av dei tekstane som er blitt bevart i utgangspunktet som læretekstar eller studentorienterte tekstar.
Bevarte manuskript Det er totalt sett omtrent 400 bevarte manuskript som inneheld angelsaksiske tekstar, 189 av dei er betrakta som betydelege. Desse manuskripta har blitt svært høgt prisa av samlarar sidan 1500-talet, både for den historiske verdien deira og fordi dei er estetisk vakre med bokstavar med einskaplege mellomrom og dekorative element.
Det er fire særs betydelege manuskript:
Junius-manuskriptet, tidlegare kjend som Cædmon-manuskriptet, ein illustrert poetisk antologi. Exeterboka, også ein antologi, funne i katedralen i Exeter etter at det blei donert dit på 1000-talet. Vercelliboka, ei blanding av poesi og prosa. Korleis det hamna i Vercelli i Italia er ukjent og omdiskutert. Nowellkodeksen, eller Cotton Vitellius A. xv, er også ei blanding av poesi og prosa. Dette manuskriptet inneheld det store eposet Beowulf.
Forskinga på 1900-talet fokuserte på dateringa av manuskripta da forskarar på 1800-talet hadde ein tendens til å gjera dei eldre enn moderne forskarar kan fastslå. Forskinga har også fokusert på kor manuskripta blei skrivne ned, og det var sju betydelege scriptoria der dei har opphavet sitt frå: Winchester, Exeter, Worcester, Abingdon, Durham, og to hus i Canterbury, Christ Church og St. Augustine. Eit tredje fokus har vore å identifisera dei respektive regionale dialektane som har vore brukt. Det var fire dialektar: norminiriansk frå Norminiria, merciansk frå Mercia, kentisk frå Kent, og vestsaksisk frå Wessex, der sistnemnte var den mest utbreidde.
Ikkje alle tekstane kan rimelegvis bli karakteriserte som litteratur; somme er berre lister av namn eller avbrotne skriveøvingar. Likevel er dei fleste litterære tekstar: preiker og helgenbiografiar (dei mest talrike), bibelske omsettingar, omsette latinske verk av dei tidlege kyrkjefedrane, angelsaksiske krøniker og forteljande historietekstar, lovtekstar, testamente og andre rettslege verk, praktiske tekstar innanfor grammatikk, medisin, geografi og ikkje minst poesi.
Med nokre få unntak er bortimot samtlege angelsaksiske forfattarar anonyme.
Gammalengelsk poesi Sjå hovudartikkelen Allitterasjon
høgre|mini|Fyrste side av Beowulf, som foreligg i den øydelagde manuskriptsamlinga Nowellkodeksen. høgre|mini|Den ærverdige Bede som omset Johannes, 1902, måleri av James Doyle Penrose (1862-1932). Gammalengelsk poesi består av to typar: dei heroiske germanske førkristne og dei kristne. Den har blitt bevart hovudsakleg i fire større manuskript.
Angelsaksarane etterlèt seg ikkje eit poetisk regelsett eller eit bestemt poetisk system. Den store spennvidda i tid har gjort forståinga av dikta vanskelege, også at dei orda som blei brukt hadde både andre og fleirfaldige tydingar, noko som gir både dobbel og til dels mangetydig forståing. Alt som er kjent om poesien frå denne perioden er basert på moderne analyser. Den fyrste omfattande teorien blei konstruert av Eduard Sievers (1885). Han skilte mellom fem bestemte mønster av stavrim. Teorien til John C. Pope (1942), som brukar musikalske notasjonar for å fylgja versmønstra, har blitt akseptert i ein del sirklar. Kvart tiår har forskinga sett fram ein meir eller mindre ny teori og som deretter har blitt omfattande diskutert.
Den mest populære og kjente forståinga av gammalengelsk poesi er framleis teorien til Sievers om allitterasjon eller bokstavrim, altså dei gjentatte overeinsstemmande og harmoniske lydane i ord som står nær kvarandre.
Systemet er basert på aksent og trykkbetoningar, stavrim, mengda av vokalar, og mønstra i stavingsdannande betoning og framheving. Den består av fem forskjellige kombinasjonar av eit verseskjema eller grunnvers. Kva som helst av dei fem typane kan bli brukt i kva som helst vers. Systemet blei arva frå og eksisterte i ei eller anna form innanfor samtlege eldre germanske språk, også den norrøne (sjå Norrøn litteratur). To poetiske figurar som ofte blir funne i gammalengelsk poesi er kjenningar, det vil seia ei formalistisk frase som beskriv ein gjenstand i høve til ein annan. (I Beowulf blir «sjøen» poetisk omskrive som «vegen åt svana»). Den andre figuren er litotes, underdrivingar, eit dramatisk uttrykk gitt av forfattaren for den ironiske effekten dens.
Grovt sett er gammalengelske verselinjer delt i to ved bruk av pause. Omgrepet for dette opphaldet er cesur («caesura»). Kvar halvlinje har to trykkstavingar og skal knytast saman ved hjelp av bokstavrim. Den fyrste trykkstavinga av den andre halvlinja skal rima med den eine eller begge av dei trykkstavingane i fyrste halvlinje (meininga er at dei trykkbetonte stavingane i fyrste halvlinje skal rima med kvarandre). Den andre trykkstavinga av andre halvlinje skal ikkje rima med korkje den eine eller den andre trykkstavinga av fyrste halvlinje.
fyrene fremman feond on helle. («å begå kvaler, djevel i helvete.» / «to perpetrate torment, fiend of hell.») -- Beowulf, linje 101
Gammalengelsk poesi var ein muntneg kunstart, og den moderne forståinga vi har av han i skriven form er ufullstendig. Til dømes veit vi at poeten (referert til hos angelsaksarar som «scop», tilsvarande omgrep som det norrøne «skald») kunne bli fylgt av harpespel, og det kan ha vore andre lyttetradisjonar som nå er ukjende.
Poesi representerer den minste delen av bevarte gammalengelske tekstar, men den angelsaksiske kulturen hadde ein rik tradisjon av munnleg litteratur der svært lite har blitt bevart i skriftleg form for ettertida.
Poetane De fleste av dei gammalengelske poetane er ukjente og anonyme, tolv er kjent ved namn frå mellomalderkjelder, men berre fire av desse er kjente frå verka deira på morsmålet: Cædmon, Bede, kong Alfred og Cynewulf. Av desse er det berre Cædmon, Bede, og Alfred som har biografiar.
Cædmon er den mest kjente og har blir kalla faren til gammalengelsk poesi, til tross for at den litterære kvaliteten i dag ikkje er like iaugnefallande. Han levde i klosteret ved Whitby i Norminiria på 600-talet. Berre eitt enkelt dikt på ni linjer, kalla Hymne eller tradisjonelt for Cædmons hymne, er bevart etter han. Det er også den eldste bevarte teksten på engelsk (frå manuskriptet St Petersburg Bede):
Engelsk gjendikting:Norsk omsetting:Now let us praise the Guardian of the Kingdom of Heaven the might of the Creator and the thought of his mind, the work of the glorious Father, how He, the eternal Lord established the beginning of every wonder. For the sons of men, He, the Holy Creator first made heaven as a roof, then the Keeper of mankind, the eternal Lord God Almighty afterwards made the middle world the earth, for men.Lat oss no prisa vaktaren av kongeriket i himmelen Skaparens makt og tankane i hans sinn den herlege Faderens gjerningar, korleis Han, den evige Herren la grunnen for byrjinga på kvart underverk. For menneskesønene gjorde Han, den heilage Skaparen fyrst himmelen som tak, deretter, laga vaktaren for Menneska, den evige Herren Gud den allmektige, Mellomverda, Jorda, for menneska.
Aldhelm, biskop av Sherborne (død 709), er kjent via William av Malmesbury (død ca 1143) som skreiv at Aldhelm framførte verdslege dikt på morsmålet akkompagnert av ei harpe. Ein god del av den latinske prosaen hans har blitt bevart, men om han skreiv eigne dikt eller berre framførte andre sine, er ukjent, da ingenting av han er blitt bevart på gammalengelsk.
Cynewulf er eit namn som ligg heilt i mørker og har vist seg umogleg å identifisera, men nyare forsking har føreslått at han levde på den fyrste delen av 800-talet. Ei rekkje dikt er blitt tilskrivne han, blant anna Skjebnane åt Apostlane og Elene (begge funne i Vercelliboka), og Kristus II og Juliana (begge funne i Exeterboka).
Heroiske dikt mini|høgre|250px|Eit utdrag av «C-teksten» av Den angelsaksiske krønika som viser kor vakker angelsaksisk skrift kan vera. Den angelsaksiske poesien som har fått mest merksemd handlar om den germanske, heroiske fortida. Det lengste og viktigaste verket er Beowulf på 3182 linjer. Verket finst òg i den øydelagde Nowellkodeksen. Diktet fortel historia om den legendariske helten Beowulf frå Gøtaland som diktet også har fått namnet sitt etter. Forteljinga er plassert i Norden, i Sverige og Danmark, og forteljinga har såleis eit nordisk opphav. Forteljinga er biografisk og sette tonen for det meste av den øvrige angelsaksiske poesien. Det har fått status som nasjonalepos i England på same vis som Illiaden har det for Hellas. Verket er av stor interesse for historikarar, antropologar, litteraturforskarar og studentar verda over.