Kolsrudspringaren eller Kolsruden har namnet sitt etter spelemannen Ole Kolsrud frå Heddal (1827-1902). Slåtten er og kalla Tømmerkøyraren eller Nitjan hundre og fem. Slåtten finst i variantar i Telemark, Numedal og Hallingdal, og er nytta som danseslått i desse dalføra. I Hallingdal har slåtten vore spela av Tor Grimsgard frå Nes, og Sevat Sataøen etter han. Namnet Kolsruden følgjer tradisjonslina i austre Telemark.
Oppbygging I den mest einfelte utforminga har springaren berre to vek, med noko fri utforming av taka i det første veket. Telemarksformene bryt desse opp i klåre totaktsperiodar, særskild formene etter Olav Groven og Svein Løndal. Etter alt å døme har Ole Kolsrud opphavleg bygd ut slåtten frå ei eldre form som fanst i Hovin og Numedal på hans tid. Det er dei største formene av slåtten som ber namn etter han. Kjerneområdet for slåtten har truleg vore Flesberg, og herifrå har springaren spreidd seg frå tidleg på 1800-talet.
Variantgruppa
Hardingfeleverket har slåtten lista opp som nr 518.
a: Grimsgarden, etter Tor Grimsgard, Nes i Hallingdal . Nedskrift Arne Bjørndal 1919 (B 350).
b: Nitjan hundre og fem, etter Sevat Sataøen, Ål . Nedskrift Eivind Groven (G 1438). Sataøen hadde slåtten etter Tor Grimsgard som og sette namn på han (til minne om 1905).
d: Tømmerkjøraren, etter Olav K. Bratås, Flesberg . Nedskrift Sven Nyhus 1977. Slåtten er etter Ole Hakkelberg.
d: Kolsruden, etter Torkjell Haugerud, Bø i Telemark . Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1373). Haugerud spela slåtten i fleire variantar.
e: Springar, etter Hans Smeland, Seljord . Nedskrift Arne Bjørndal (B. G. Sl. Nr 4). Smeland hadde lært slåtten av Leiv Sandsdalen i 1890.
f: Springar frå Hovin, etter Johannes Dale, Tinn . Nedskrift Eivind Groven 1961 (G 1317).
g:Kolsruden, etter Eivind Groven . Forma ut etter fleire kjelder, mest etter broren Olav. Skriven ned 1923 (G 738). Gregar Nordbø har ei liknande form i sine nedskrifter.
h: Kolsruden, etter Kjetil Løndal, Tuddal . Nedskrift Eivind Groven 1959 (G 1131).
i: Kolsrudspringaren, etter Kjetil Løndal, Tuddal . Nedskrift Sven Nyhus 1977. Løndal lærte slåtten av Anund Haugan, Heddal. Slåtten er i bein tradisjon etter Ole Kolsrud. Til slåtten høyrer stevet Lite kåt gut, lite lystig gut, lite jentegalen skjemmer ingen ut.
Kategori:Norske slåttar