Norfolkøya (engelsk Norfolk Island, norfuk Norfuk Ailen) er ei øy i Stillehavet som ligg mellom Ny-Caledonia og New Zealand. Øya utgjer eit sjølvstyrt australsk territorium, saman med to mindre øyar. Arealet er 34,6 km² og folketalet 2 188 i 2021.

Soge Storbritannia byrja kolonisera øya i 1788, og grunnla hovudstaden Kingston.«Kingston», Norfolk Island. The Website. Norfolkøya produserte lenge mat og tømmer for Australia, men øya blei tømd for folk i 1814 då det ikkje lenger var bruk for desse varene. I 1825 blei ho gjort om til straffekoloni for fangar som allereie var blitt transporterte til Australia. Norfolkøya var kjend som «helvetet i Stillehavet», og blei avskaffa i 1855.«The Second Settlement», pitcairners.org

Om lag halvparten av ibuarane på Norfolkøya stammar frå Pitcairn, ei befolkning danna av mytteristar frå det britiske skipet «Bounty» og polynesiarar frå Tahiti. I 1856 blei heile befolkninga på 194 personar flytta til Norfolkøya, då Pitcairn var blitt overfolka. Nokre av dei vende attende til Pitcairn kort tid etter, men størstedelen blei verande på Norfolkøya.«The Third Settlement», pitcairners.org

Øya styrte seg sjølv fram til 1896, då ho blei underlagt den britiske kolonien New South Wales og seinare Australia. I 1979 blei øya eit sjølvstyrande territorium under australske Norfolk Island Act.«The History of Norfolk Island's Government», pitcairners.org

Bilete

mini|venstre|Kart over Norfolkøya.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Usjølvstendige område Kategori:Øyar i Stillehavet Kategori:Øyar i Australia