Otra er den største elva på Sørlandet. Ho renn frå Setesdalsheiane i Bykle kommune i nord til Kristiansand i Agder fylke i sør. Elva er lakseførande opp til Vigeland i Vennesla. I tillegg finst den spesielle relikte laksen bleke i Byglandsfjorden.
Elveløpet mini|Otra Otra er 245 kilometer lang og er dermed den åttande lengste elva i Noreg. Middelvassføringa er 150 m³/s. Høgaste vassføring er målt i oktober 1987 med om lag 1000 m³/s. Nedslagsfeltet er 3740 km² stort.
Det er to store innsjøar i vassdraget, Åraksfjorden og Byglandsfjorden.
Fisk Laks I Otra er det produksjon av lakseungar og laksesmolt. Vasskvaliteten dei siste åra har vore så god at det ikkje er registrert forsuringsskadar på smolten. Laksen klarer seg godt i Otra fordi elvevatnet ikkje er så surt. Det er kalkrik berggrunn i nedbørfeltet øvst i Setesdal som gjev elvevatnet ei viss bufferevne mot forsuring.
Fangstane dei siste åra har vore varierande: 2001: 7,2 tonn 2002: 5,3 tonn 2003: 7,4 tonn 2004: 5,8 tonn 2005: 9,9 tonn 2006: 10,7 tonn 2007: 5,9 tonn
Bleke Bleke er ein laksefisk som berre finst i Otravassdraget.
Ørekyte Òg karpefisken ørekyte har fått innpass i Otravassdraget. Det er funne ørekyte i heile vassdraget sør til Byglandsfjorden. Denne fisken er uønskt i vassdraget, og ein arbeider for å hindre vidare spreiing.
Regulering Otra er ei av Noregs mest regulerte elvar med fleire kraftverk: Holen kraftverk Brokke kraftverk Bjørgum småkraftverk Hekni kraftverk Hovatn kraftverk Langerak kraftverk Iveland kraftverk Nomeland kraftverk Steinsfoss kraftverk Hunsfoss kraftverk Vigelandsfoss kraftverk
I tillegg til kraftstasjonar er det etablert pumpestasjonar for overføring av vatn mellom reguleringsmagasin: Breive pumpestasjon Skarje pumpestasjon
Bakgrunnsstoff Otra sitt nedbørsfelt
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Otra» frå , den 2. mai 2008.
Kategori:Elvar i Agder Kategori:Setesdal Kategori:Geografi i Valle Kategori:Geografi i Bygland Kategori:Geografi i Evje og Hornnes Kategori:Geografi i Kristiansand Kategori:Geografi i Vennesla