mini|Elva Muru renn ut i Gjende ved Memurubu. mini|Elva Muru renn gjennom Murudalen mot Gjende ved Memurubu. Muru er ei elv i Lom kommune i Innlandet. Elva er om lag 10 km lang og renn frå Austre Memurubrean til Gjende, ved Memurubu. Elva fører med seg store mengder morenemasse frå isbreen, noko som gjer at vatnet i elva er grågrønt og ugjennomsiktig. Det er Muru som gjeve Gjende den karakteristiske smaragdgrøne fargen.
Muru vert nytta til elvepadling, men er ei krevjande elv. Det finst ingen veg i nærleiken, så padlarar må sjølve bere båtane opp langs elva. Næraste veg er ved Gjendesheim, der det går rutebåt til Memurubu.
Kategori:Elvar i Innlandet Kategori:Jotunheimen Kategori:Geografi i Lom