Kjeragfossen er den åttande høgaste fossen i Noreg og Europa ut frå totalt fall. Fossen stupar ned frå Kjerag i Lysefjorden i Sandnes kommune i Rogaland og er den høgaste fossen i fylket. Fossen har òg det tredje høgaste fallet i Noreg og Europa.
Fossen drenerer berre småvatn og tjern på toppen av Kjerag og om sommaren tørkar han ofte opp. Fossen har elles lite volum og kan blese bort i vinden før han når ned til fjorden nedanfor. Sjølv om høgda er stor gjer det vesle volumet i fossen sitt til at fossen ikkje vert rekna som særleg imponerande.
Sjå òg Fossar i Noreg
Kjelder Kjeragfossen på World Waterfall Database
Bakgrunnsstoff Bilete av fossen: , ,
Kategori:Fossar i Rogaland Kategori:Geografi i Forsand Kategori:Geografi i Sandnes