Blå Kors er ein evangelisk fråhaldsorganisasjon med diakonalt arbeid. Han har som ml å skapa rusfrie miljø med kristne verdiar.

Soge BK vart skipa i Noreg den 26. august 1906 i Oslo på initiativ frå sokneprest Ole Theodor Moe. 87 medlemer skreiv seg på. 3. september same året vart den fyrste kvinneforeninga under BK skipa.

I 1909 heldt BK sitt fyrste årsmøte der presten Oskar T. Hvalby vart vald til formann. Same året vart Blåkorsheimen Eina opna. Eina vart Noregs fyrste kurstad for alkoholikarar.

Leiarar Ole Theodor Moe, 1906-07 (formann i Noregs fyrste Blå Kors-forening) Ole Steffensen Isene, 1907-09 (formann i Blå Kors sitt "centralstyre" i Oslo) Oscar T. Hvalbye, 1909-14 A. Gundersen, 1914-20 Ole Steffensen Isene, 1920-24 Otto Halvorsen, 1924-36 Halvor Midtbø, 1936-48 Nils Høimyr, 1948-52 Halvor Midtbø, 1952-60 Egil Aarvik, 1960-62 Herman Rangøy, 1962-68 Rolf Wiersholm, 1968-70 Albert Johan Holsen, 1970-76 Kai B. Flå, 1976-82 Odd Holten, 1982-86 Kai B. Flå, 1986-88 Jorunn M. Johnsen, 1988-93 Per O. Mathiesen, 1993-99 Sigbjørn Kvistad, 1999-

Sjå òg Blå Kors Ungdom Actis

Kjelder

Sogesidene på BK sine heimesider

Bakgrunnsstoff

Kategori:Rusgiftorganisasjonar Kategori:Skipingar i 1906