mini|Skyskraparar i Hong Kong, byen med flest slike bygningar i verda. mini|Utsyn mot Dubai og Burj Khalifa, den høgaste skyskraparen i verda. mini|Skyskraparar i Chicago. mini|Skyskraparar på Manhattan i New York. Skyskrapar er ein særleg høg bygning med mange etasjar. Det finst ingen fast definisjon, men dei fleste moderne kjelder seier at skyskraparar er minst eller høge. Bygningane blei utvikla i tette bysentrum med høge eigedomsprisar, men er etterkvart særleg blitt bygde for å oppnå prestisje. Det engelske ordet skyscraper var opphavleg namnet på ei høg mast, eller eit segl, på eit seglskip.

Den høgaste skyskraparen i verda i dag er Burj Khalifa (828 m) i Dubai. Noreg har få skyskraparar, og ingen bygg over 105 meter. Oslo Plaza på 117 meter var den høgaste bygningen i landet frå 1990 til 2010, då det industrielle Nexanstårnet blei forlenga. Posthuset eller Postgirobygget i Oslo var 80 meter høgt då det blei bygga i 1975 og 112 meter høgt etter ei renovering i 2003.

Historie og tal Skyskraparar blei fyrst bygde på slutten av 1800-talet i USA, særleg i byar som Chicago og New York. Fram til 1800-talet hadde det vore uvanleg at hus hadde meir enn seks etasjar, grunna manglande bygningsteknikkar, problem med vertikal transport og at vasstrykket i vassrøyra berre nådde kring 15 meter opp i bygget. Utviklinga innanfor stål, armeringsjern, heisar og vasspumper gjorde skyskraparane moglege. Den fyrste verkelege skyskraparen kom i Chicago, Home Insurance Building, stod ferdig i 1885. Han var 42,1 meter og ti etasjar høg, med eit stålskjelett som berande konstruksjon.

Etter ein høgkonjunktur i Vesten tidleg på 1900-talet der det blei reist mange skyskraparar, blei utviklinga av dei sett på pause på 1930-talet av den store depresjonen, og byrja fyrst att på 1950-talet. Frå 1950-talet til 1980-talet blei det bygd mange skyskraparar i bysentrum i USA. Frå slutten av 1900-talet blei det bygd mange skyskraparar utanfor USA, særleg i Aust- og Søraust-Asia på 1990-talet. Kina gjekk forbi USA og er no landet med flest skyskraparar i verda. I dag finst bygningstypen i minst 70 land.

Det finst over sju tusen skyskraparar på over 150 meter i verda, dei fleste bygde på 2000-talet. Over tre firedelar av skyskraparane på over 150 meter ligg i Asia. Tjue byar i verda har minst hundre skyskraparar som er over 150 meter, dei nyaste er Singapore, Hangzhou, Moskva og Toronto i 2025. Byane med flest skyskraparar i verda Hong Kong, med 569, følgd av Shenzhen med 465, New York med 324 og Dubai med 269.

Frå 1931 til 1970 var Empire State Building i New York verdas høgaste bygning, frå 1970 til 1973 var det 1 World Trade Center i same by, og frå 1973 til 1998 var det Sears Tower i Chicago. Dei høgaste bygningane i verda var i USA fram til 1998, då Petronas Towers i Kuala Lumpur i Malaysia på 451,9 meter stod klare. Taipei 101 i Taipei på 508 meter var verdas høgaste skyskrapar frå 2004 til 2009. Den høgaste skyskraparen i verda i dag er Burj Khalifa i Dubai, på 828 meter, som stod ferdig i 2009.

Galleri

Kjelder

Delar av denne artikkelen bygger på «Skyscraper» frå , og «History of the world's tallest buildings» frå den 18. mai 2026.

Delar av denne artikkelen bygger på «Skyskraper» frå , den 18. mai 2026.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Høghus