Ingeborg Synøve Midttømme () er biskop i Møre bispedømme og tidlegare leiar i Presteforeininga.

Midttømme er fødd i Oslo. Ho studerte teologi på menighetsfakultetet i Oslo og tok praktisk-teologisk eksamen i 1987 og vart ordinert same år. Deretter jobba ho som kapellan i Høybråten meinigheit i Oslo frå 1987 til 1993. Frå 1993 til 1997 var ho sokneprest i Sørfold i Salten, før ho frå 1997 var kapellan i Holmlia i Oslo.

I 2003 vart ho som første kvinne vald til leiar i Presteforeininga. Ho blei attvald som leiar i 2006.

Midttømme vart utnemnd til biskop i i Møre bispedømme etter Odd Bondevik den 15. mai 2008. Bispevigslinga skjedde i Molde domkyrkje 21. september, samstundes med ei markering av bispedømmet sitt 25-årsjubileum. Midttømme vart den fjerde kvinna av dei noverande biskopane, og med sine 47 år den yngste i bispekollegiet.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ingeborg Midttømme» frå , den 25. mai 2008.

Bakgrunnsstoff Artikkel om bispeutnemninga i Vårt Land Kort biografi på Presteforeininga sine sider Pressemelding frå Kultur- og kyrkjedepartementet om bispeutnemninga Nyheitssak om bispeutnemninga frå den norske kyrkja sine nettsider Midttømme svarar på spørsmål i samband med bispenominansjonen. NRK Møre og Romsdal

Kategori:Norske fagforeiningspersonar Kategori:Norske teologar Kategori:Norske biskopar Kategori:Folk frå Oslo Kategori:Biskopar i den norske kyrkja