STS-124 er namnet på ei romferd med romferja Discovery. Romferja vart skoten opp frå Kennedy Space Center i Florida, den 31. mai 2008
Målet med romferda var å levere den trykkisolerte modulen av det japanske laboratoriet Kibō, i tillegg til ein ny robotarm som skal betjene den japanske delen av romstasjonen.
Denne romferda var den andre av til saman tre romferder for å gjere ferdig Kibō. Den trykkisolerte modulen av Kibō vart montert til Harmony, i tillegg til logistikkmodulen som vart send opp og lagra på romstasjonen under den forige romferda STS-123.
STS-124 var den tiande romferda sidan Columbia-ulykka.
Mannskap Mark E. Kelly (3) - Kommandør - Kenneth Ham (1) - Pilot - Karen L. Nyberg (1) - Ferdspesialist - Ronald J. Garan, Jr. (1)- Ferdspesialist - Michael E. Fossum (2) - Ferdspesialist - Akihiko Hoshide (1) - Ferdspesialist - Tala i parentes viser talet på romferder som vedkommande har vore med på, denne romferda inkludert.
Ekspedisjon 17 Med opp til ISS Gregory Chamitoff (1) - Ingeniør
Med ned frå ISS Garrett Reisman (1) - Ingeniør
Bakgrunnsstoff Ofissiell ferdsside hjå NASA www.spaceflightnow.com om STS-124
STS-124 Kategori:Den internasjonale romstasjonen Kategori:Romutforsking i 2008