Kongedømet Preussen (tysk Königreich Preußen) var eit tysk kongedøme frå 1701 til 1918 og frå 1871 den leiande staten i Det tyske keisardømet, der det nesten utgjorde to-tredjedelar av arealet til riket. Det fekk namn frå området Preussen, men maktsenteret var Brandenburg.

Historie

1701: Veksten til Brandenburg Fredrik Vilhelm, «Storkurfyrste» av Brandenburg-Preussen, døydde i 1688. Eigedomane hans gjekk vidare til sonen Fredrik III (1688-1701) som vart kong Fredrik I av Preussen (1701-1713). Med unntak av hertugdømet Preussen vart alle landområda til Brandenburg ein del av Det tysk-romerske riket, som på denne tida vart styrt av Habsburg. Sidan det berre var ein tysk konge i Riket godkjende keisar Leopold I at Fredrik i januar 1701 kunne få tittelen Konge av Preussen (mot at han vart med i ein allianse mot Frankrike i den spanske arvefølgjekrigen). Tittelen vart i hovudsak godteken etter Freden i Utrecht i 1713.

1701-1740: Det unge kongedømet Det nye kongedømet Preussen var særs fattig og hadde enno ikkje kome seg etter øydelegginga under trettiårskrigen og områda i kongedømet var spreidd over 1200 km, frå landområda i Hertugdømet Preussen ved søraustkysten av Austersjøen til Hohenzollern i hjarte av Brandenburg, til eksklavane Kleve, Mark og Ravensberg i Rheinland. I 1708 vart om lag ein tredjedel av innbyggjarane i Hertugdømet Preussen råka av byllepest. Pesten nådde Prenzlau i august 1710, men trekte seg tilbake før han nådde hovudstaden Berlin, som berre låg 80 km unna.

Sverige sitt tap for Russland, Sachsen, Polen, Danmark–Noreg, Hannover og Preussen i Den store nordiske krigen (1700-1721) markerte slutten på den store svenske makta ved sørkysten av Austersjøen. I den prøyssisk-svenske Stockholm-traktaten i 1720 fekk Preussen ta tilbake Stettin (Szczecin) og andre område som svenskane hadde i Pommern. Hohenzollerane i Brandenburg hadde halde på retten til Hertugdømet Pommern sidan 1472. (I tillegg hadde Pommern alt vorte annektert av Brandenburg-Preussen i 1648 under Freden i Westfalen).

Tendensane som vart sett i gang av storkurfyrsten, nådde toppunktet sitt i løpet av denne perioden ettersom junkerane, grunneigararistokratane, vart ein del av den prøyssiske hæren.

1740-1760: Dei schlesiske krigane

I 1740 tok kong Fredrik II (Fredrik den store) over trona. Han nytta ein avtale frå 1537 (som keisar Ferdinand I forbaud), som sa at delar av Schlesien skulle gå til Brandeburg etter at Piast-dynastiet døydde ut, som påskot til å invadere Schlesien. Slik starta den austerrikske arvefølgjekrigen. Etter å ha okkupert Schlesien lovde Fredrik å verne erkehertuginne Maria Theresa av Austerrike om ho gav provinsen til han. Tilbodet vart avslått, men Austerrike stod imot fleire andre motstandarar og Fredrik klarte til å slutt å få i stand ein formell overføring med Berlintraktaten i 1742.

Til mange si overrasking klarte Austerrike å ta oppatt krigen. I 1744 invaderte Fredrik igjen for å kome hemnaksjonar i forkjøpet og for denne gong å krevje provinsen Böhmen. Han klarte det ikkje, men fransk press på Austerrike sin allierte Storbritannia førte til fleire avtalar og kompromiss som toppa seg i 1748 med Aix-la-Chapelle-traktaten som gjenoppretta freden og etterlet Preussen med det meste av Schlesien.

Austerrike var audmjuka av å måtte avstå Schlesien og arbeida for ein allianse med Frankrike og Russland («Det diplomatiske opprøret»), medan Preussen nærma seg ein avtale med Storbritannia. Då Fredrik gjorde eit førebyggande åtak med å invadere Sachsen og Böhmen i løpet av få månader i 1756-1757, starta han sjuårskrigen.

Denne krigen vart ein desperat kamp for den prøyssiske hæren og at dei i det heile tatt klarte å kjempe seg til uavgjort med det meste av Europa vitnar om Fredrik sine gode militære kunnskapar. Han stod imot Austerrike, Russland, Frankrike og Sverige samstundes, med berre Hannover (og Storbritannia som ikkje var på kontinentet) som større allierte. Fredrik klatre å hindre store invasjonar fram til oktober 1760 då den russiske hæren ein kort periode okkuperte Berlin og Königsberg. Situasjonen vart raskt verre fram til keisarinna Elisabet av Russland døydde (mirakelet i Huset Brandenburg). Då den pro-prøyssiske Peter III tok over trona letta han trykket på austfronten. Samstundes trekte Sverige seg ut av krigen.

Preussen slo den austerrikske hæren i slaget ved Burkersdorf og stolte på at britane klarte å ta franskmennene i krigen som gjekk føre seg i i koloniane. Preussen klarte så å tvinge fram ein status quo ante bellum på kontinentet. Dette stadfesta Preussen si viktige rolle i dei tyske statane og oppretta landet som ei europeisk stormakt. Fredrik som nesten tapte med Preussen levde resten av livet langt fredelegare enn han hadde gjort tidlegare.

1772, 1793, 1795: Delingane av Polen

Aust og sør for Preussen hadde Det polsk-litauiske samveldet gradvis vorte svekka gjennom 1700-talet. Fredrik frykta den auka russiske påverknad i polsk politikk og ein mogeleg ekspansjon av Det russiske keisardømet vestover. Han tok derfor del i den første delinga av Polen mellom Russland, Preussen og Austerrike i 1772 for å oppretthalde maktbalansen. Kongedømet Preussen annekterte det meste av den polske provinsen kalla Det kongelege Preussen, inkludert Ermeland. Det nye landområdet vart året etter organisert som provinsen Vest-Preussen. Det nye området knytte Aust-Preussen (området hadde tidlegare vore kjend som Hertugdømet Preussen) saman med Pommern slik at kongedømet hang i saman med dei austlegaste områda.

Etter Fredrik døydde i 1786 heldt nevøen hans Fredrik Vilhelm II fram delingane og fekk ein stor del av Vest-Polen i 1793.

I 1795 eksisterte ikkje lenger Kongedømet Polen og store område (inkludert Warszawa) sør for Aust-Preussen vart ein del av Preussen. Desse nye områda vart organisert i provinsen Neuschlesien, Sør-Preussen og Neuostpreussen.

1806-1815: Napoleonskrigane

I 1806 vart Det tysk-romerske riket oppløyst som følgje av Napoleon sin sigrar over Austerrike. Tittelen Kurfürst (kurfyrste) av Brandenburg vart meiningslaus og vart droppa. Før dette hadde Hohenzollern-regenten hatt mange titlar, frå leiar for den evangeliske kyrkja til kongen, kurfyrste, storhertug til hertug i mange regionar. Etter 1806 vart han berre Konge av Preussen.

Etter tapet til Preussen i slaget ved Jena-Auerstedt i 1806 vart kong Fredrik Vilhelm III tvunge til å flykte til Memel ein kort periode. Etter Tilsit-traktatane i 1807 mista Preussen om lag halvparten av områda sine, inkludert landområda dei fekk under den andre og tredje delinga av Polen (som no kom inn under Hertugdømet Warszawa og alle landområda vest for elva Elbe. Resten av kongedømet var okkupert av franske troppar (for Preussen sine utgifter) og kongen vart tvunge inn i ein allianse med Frankrike og inn i Kontinentalblokaden.

Etter Napoleon sitt tap i Russland braut Preussen alliansen og tok del i Den sjette koalisjonen under «Frigjeringskrigane» (Befreiungskriege) mot den franske okkupasjonen. Prøyssiske troppar under marskalk Gebhard Leberecht von Blücher medverka stort i slaget ved Waterloo i 1815 i den endelege sigeren over Napoleon.

1815: Preussen etter Napoleon mini|Utvidinga til Preussen 1807-1871 Preussen sin pris for å ha medverka i sigeren over Frankrike fekk dei ved Wienerkongressen der dei fekk store delar av landområda dei hadde tapt, samt mykje meir, inkludert 40 % av Kongedømet Sachsen og mykje av Rheinland. Store delar av områda som vart annektert under den tredje delinga av Polen vart gjeve til Kongress-Polen under russisk styre.

Med desse nye landområda vart kongedømet omorganisert i ti provinsar. Det meste av kongedømet, bortsett frå provinsane Aust-Preussen, Vest-Preussen og Posen, vart ein del av Det tyske forbundet, som erstatta det avdøde tysk-romerske riket.

Som følgje av revolusjonane i 1848 vart fyrstedøma Hohenzollern-Sigmaringen og Hohenzollern-Hechingen (styrt av ei yngre grein av Huset Hohenzollern) annektert av Preussen i 1850.

1848–1871: Dei tyske sameiningskrigane I tiåra etter Wienerkongressen var det strid innan Det tyske forbundet om ein skulle danna ein ny samla tysk nasjon eller om ein skulle bevare den noverande samlinga av mindre tyske statar og kongedøme. Då det tyske tollsambandet (Zollverein) vart oppretta i 1834, som ekskluderte Det austerrikske keisardømet, fekk prøyssarane auka makt over medlemslanda. Etter revolusjonane i 1848 fekk kong Fredrik Vilhelm IV tilbodet om krona til eit samla Tyskland av Frankfurtparlamentet. Fredrik Vilhelm avslo tilbodet med bakgrunn i at ei revolusjonær forsamling ikkje kunne skjenke kongelege titlar. Men det var to andre årsaker til at han avslo. Om han hadde godtatt tilbodet hadde det ikkje hjelpt på den indre maktkampen mellom Austerrike og Preussen, samt at alle prøyssiske kongar (opp til og med Vilhelm I) frykta at eit tysk keisardøme ville bety slutten på sjølvstendet til Preussen innanfor dei tyske statane.

I 1848 førte handlingane til Danmark mot hertugdøma Schleswig og Holstein til den første krigen i Schleswig (1848–51) mellom Danmark og Det tyske forbundet. Danmark tapte, men Preussen vart likevel tvunge til å la Danmark få halde begge hertugdøma.

Fredrik Vilhelm kom ut med den første grunnlova til Preussen, som han sjølv hadde skrive i 1850. Ho vart tvunge på parlamentet. Dokumentet, som var moderat for si tid, men konservativ i dag, avgjorde at det skulle vere to hus i parlamentet. Underhuset, Landtag, vart vald av alle skattebetalarar, som vart delt inn i tre klassar der stemmene vart vekta etter kor mykje skatt ein hadde betalt. Kvinner og dei som ikkje betalte skatt hadde ikkje stemmerett. Dette gjorde at like over ein tredjedel av stemmegjevarane kunne velje 85 % av den lovgjevande makta. Overhuset, som seinare vart kalla Herrenhaus vart utpeikt av kongen. Han hadde framleis all makt og ministrane svarte berre til han. Som følgje av dette vart herredømet til landeigarane, Junkerane, verande slik det var, særleg i dei austlege provinsane.

I 1862 vart Otto von Bismarck utpeikt av kong Vilhelm I som statsminister av Preussen. Han ønskte å samle dei tyske statane under prøyssisk styre og førte Preussen gjennom tre krigar der dei til slutt klarte målet sitt.

Den første av desse krigane var den andre krigen i Schleswig (1864), som Preussen starta og vann med støtte frå Austerrike. Danmark tapte stort og overgav både Schleswig og Holstein til respektive Preussen og Austerrike.

mini|Etterverknadane etter den austerriksk-prøyssiske krigen (1866) Den delte styringa av Schleswig og Holstein vart så den avgjerande faktoren for den austerriksk-prøyssiske krigen (1866 – òg kjend som sjuvekerskrigen), der Preussen, alliert med Kongedømet Italia og forskjellige tyske statar i nord erklærte krig mot Det austerrikske riket. Den austerriksk-styrte koalisjonen vart knust og enkelte tyske statar (kongedømet Hannover, storhertugdømet Hessen, hertugdømet Nassau og fristaden Frankfurt) vart annektert av Preussen. Dei omstridde områda Schleswig og Holstein var no under totalt prøyssisk kontroll. Med desse områda knytte Preussen områda sine i Rheinland og Westfalen i lag med resten av kongedømet. Det var i denne perioden Preussen var på sitt største i areal og strekte seg no uavbrote over den nordlege tredjedelen av Tyskland. Slik vart grensene verande fram til kongedømet vart oppløyst i 1918.