Hammersmith & City-linja er ei linje i London Underground. Ho var ein del av Metropolitan-linja inntil 1988, då ho vart skilt ut som ei sjølvstendig linje. Hammersmith & City er markert med rosa farge på undergrunnskartet.

I dei siste åra før 1988 blei ho i aukande grad administrert som ei eiga linje. Seksjonar som ikkje vart brukt av resten av Metropolitan-linja var ikkje markert på kartet, noko som skapte vanskar for passasjerane. Dette gjaldt strekninga frå Hammersmith til Baker Street, og frå Liverpool Street til Barking. Det vart avgjort å skilje linja ut for å gjere det meir oversiktleg for passasjerane.

Ettersom opprettinga av linja skjedde såpass nyleg er det fleire stasjonar på linja som per 2005 framleis var markerte som om det var Metropolitan-linja som gjekk der; årsaka til dette er at mange av markeringane består av fliser i fargen til linja på veggane og permanente skilt. Desse blir gradvis skifta ut i samband med vedlikehaldsarbeid.

Strekninga mellom Paddington og Farringdon, som vart opna i 186], er den eldste underjordiske jernbanestrekninga som framleis er i bruk.

Kart 550px|center|Kart over Hammersmith & City-linja

Stasjonar

Frå vest mot aust.

Hammersmith Goldhawk Road Shepherd's Bush Latimer Road Ladbroke Grove Westbourne Park Royal Oak Paddington Edgware Road Baker Street Great Portland Street Euston Square King's Cross St. Pancras Farringdon Barbican Moorgate Liverpool Street Aldgate East Whitechapel Stepney Green Mile End Bow Road Bromley-by-Bow West Ham Plaistow Upton Park East Ham Barking

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Hammersmith & City-linja» frå , den 7. juni 2008.

Kategori:Samferdsle i London