Markgrevskapet Brandenburg (tysk Markgrafschaft Brandenburg eller Mark Brandenburg) var eit stort fyrstedøme i Det tysk-romerske riket frå 1157 til 1806. Det spelte ei vesentleg rolle i Tyskland og Sentral-Europa.

Brandenburg utvikla seg frå Nordmark som vart grunnlagd i landområdet til det slaviske folket vendarane. Dei regjerande markgrevane vart sett inn som høgt respekterte kurfyrstar i Den gylne bullen i 1356, noko som gav dei stemmerett i valet av den tysk-romerske keisaren. Staten vart då etter kvart òg kjend som Kurfyrstedømet Brandenburg (Kurfürstentum Brandenburg eller Kurbrandenburg).

Huset Hohenzollern tok over trona av Brandenburg i 1415. Under Hohenzollern sitt styre fekk Brandenburg raskt meir makt på 1600-talet og arva Hertugdømet Preussen. Dette vart til Brandenburg-Preussen, ein føregangar for Kongedømet Preussen, som skulle verte den leiande tyske staten på 1700-talet. Sjølv om den høgaste tittelen til kurfyrstane var Konge av Prøyssen, var maktbasen deira i Brandenburg og hovudstadane Berlin og Potsdam.

Markgrevskapet Brandenburg enda då det gamle Tysk-romerske riket vart oppløyst i 1806 og vart erstatta av den prøyssiske provinsen Brandenburg i 1815. Trass i ein treg start i Det tysk-romerske riket, klarte Hohenzollern i Kongedømet Preussen å samle Tyskland og opprette Det tyske riket i 1871. «Mark Brandenburg» vert framleis uformelt nytta i dag som om forbundslandet Brandenburg i Tyskland.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Margraviate of Brandenburg» frå , den 7. juni 2008. oppgav desse kjeldene: Den tyske utgåva av artikkelen frå 22. januar 2007.

Bakgrunnsstoff Brandenburg1260.de Hochmittelalter in der Mark Brandenburg Der Brandenburger Landstreicher Historisk kart over Brandenburg frå 1789

Kategori:Historia til Brandenburg