Komagfjord kyrkje, tidlegare Komagfjord kapell, er ei krosskyrkje frå 1960 i Talvik sokn i Alta prosti, Nord-Hålogaland bispedømme.

Byggverket er i bindingsverk og er bygd med 250 plassar. Kyrkja vart vigsla palmesundag 10. april 1960.

Kyrkjeklokka er levert av Olsen & Nauen klokkestøyperi i 1947, med innskrift frå Elias Blix' julesong «Kling no klokka»: «Tona um Frelsa kalla. Helsa, kalla og helsa med fred Guds barn.»

Eldre kyrkjer i Komagfjorden Den første kyrkja i Komagfjorden vart vigsla 15. september 1887. Den var ei kvit langkyrkje, og ho låg litt oppe i bakken ovanfor butikken og kaia. Kyrkja vart, som det meste av Finnmark, brent ned av den tyske okkupasjonsmakta då dei trekte seg attende frå Finnmark hausten 1944.

Etter krigen begynte attreisinga. Det vart sendt «kyrkjebrakker» til dei kyrkjelydene som hadde mista kyrkjene sine. Talvik hadde 3 kyrkjer i behald, og skulle derfor ikkje få kyrkjebrakke.

Men soknerådet vende seg til biskopen, og dei greidde å få send ei kyrkjebrakke til Komagfjord. Kyrkjebrakka vart vigsla 16. februar 1947 av biskop Wollert Krohn-Hansen, fylkesprost Wiig, sokneprest Notø og kst. sokneprest Kjelland.

Brakka gjorde nytte som gudshus i 13 år.

Bakgrunnsstoff

Alta kyrkjelege fellesråd

Kategori:Kyrkjer i Alta Kategori:Kyrkjer i Alta prosti Kategori:Krosskyrkjer i Noreg Kategori:Norske kyrkjer frå 1960 Kategori:Kulturminne i Alta