Det tyske keisardømet (tysk Deutsches Reich, «Det tyske riket») er namnet på Tyskland frå 1871 til 1918, då det var eit delvis konstitusjonelt monarki. Det starta med samlinga av Tyskland då Vilhelm I av Preussen vart erklært tysk keisar (18. januar 1871) og enda brått då Den tyske republikken vart utropt av Philipp Scheidemann (9. november 1918) og formelt då Vilhelm II abdiserte (28. november 1918). Dei viktigaste grenselanda var Det russiske riket i aust, Frankrike i vest og Austerrike-Ungarn i sør.

Namn

Det offisielle namnet på Tyskland frå 1871 til 1943 på tysk var Deutsches Reich,, medan det tyske uttrykket Deutsches Kaiserreich («Det tyske keisarriket») uoffisielt vert nytta for å skildre landet i perioden 1871 til 1918. For heile perioden frå 1871 til 1943 vert Det tyske riket òg berre kalla Tyskland.

Uttrykket Det andre riket (Zweites Reich) har i ettertid òg vorte nytta om denne perioden. Dette uttrykket vart populært hos den tyske nasjonalistiske historikaren Arthur Moeller van den Bruck i 1920-åra, der Det tysk-romerske riket vart rekna som «Det første riket», samstundes som han framheva ønsket om «Det tredje riket». Dette uttrykket vart så nytta av Nazi-Tyskland i propagandaen deira, og derfor har uttrykket fått negative konnotasjonar etter den andre verdskrigen.

Bismarck grunnlegg riket

Skjult bak tanken om idealisme som gjev etter for realisme endra den tyske nasjonalismen seg raskt frå ein liberal og demokratisk karakter i 1848 til den prøyssiske statsministeren Otto von Bismarck sin autoritære realpolitik. Bismarck ønska å samle dei rivaliserande tyske statane for å nå målet sitt om eit konservativt, prøyssiskdominert Tyskland. Etter tre krigar med militær suksess var det tyske folket overbevist om at dette var mogeleg. Desse krigane var den andre krigen i Schleswig mot Danmark i 1864, den austerriksk-prøyssiske krigen mot Det austerrikske riket i 1866 og den fransk-prøyssiske krigen mot Det andre franske riket i 1870–71. Under omleiringa av Paris i 1871 vart Det nordtyske forbundet støtta av sine allierte frå Sør-Tyskland, og Det tyske riket vart oppretta då den prøyssiske kongen Vilhelm I vart proklamert tysk keisar i Speglsalen i Versailles. Dette var audmjukande for franskmennene som kapitulerte berre nokre dagar seinare.

Bismarck sjølv gjorde klart eit utkast til ei grunnlov i 1866, den nordtyske grunnlova, som i 1871 vart grunnlova til Det tyske riket med nokre små endringar. Tyskland fekk då enkelte demokratiske trekk. Det nye riket hadde eit parlament med to hus. Underhuset, eller Reichstag, vart vald ved alminneleg mannleg avstemming. Den opphavlege grunnlova frå 1871 vart derimot aldri endra for å få med veksten i dei mange urbane områda i riket. Då dei tyske byane utvida kraftig som følgje av industrialiseringa på slutten av 1800-talet og tidleg på 1900-talet vart derfor dei landlege områda kraftig overrepresentert.

Lovgjevinga kravde òg samtykke i Bundesrat, eit statsråd som bestod av leiarane frå kvar enkelt delstat. Den utøvande makta var det keisaren som hadde, med kanslaren som assistent. Kanslaren svarte berre for keisaren. Offisielt var kanslaren ei einmannsregjering og hadde ansvaret for at alle statssakene vart utført. I praksis fungerte dei forskjellige departementa, som handsama felt som finans, krig, utanriks osv, som uoffisielle forvaltingsministrar. Medan Reichstag hadde makt til å vedta, endre og avslå lovforslag, kunne dei ikkje sjølv føreslå nye lovar. Dette måtte kome via kanslaren.

Sjølv om dei forskjellige delstatane i riket i teorien hadde like mykje makt, var riket dominert av den største og mektigaste staten, Preussen. Preussen utgjorde 60 % av landområdet og to tredjedelar av innbyggjarane. Keisartrona gjekk òg i arv i Huset Hohenzollern, som var kongar av Preussen. Bortsett frå åra 1872–1873 og 1892–1894, var kanslaren alltid samstundes statsminister i Preussen. Med 17 av 58 stemmer i Bundesrat, trengde Berlin berre nokre frå stemmer frå dei mindre staten for å få full kontroll.

Medan dei andre delstatane hadde sine eigne styre, var militærstyrkane til dei mindre statane under prøyssisk kontroll. Militærstyrkane til større statar, som kongedøma Bayern og Sachsen vart samkjørt etter prøyssiske prinsipp og i krigstid vart dei styrt av forbundsregjeringa. Sjølv om riket på mange måtar var autoritært var det lov å utvikle andre politiske parti.

mini|Die Proklamation des Deutschen Kaiserreiches av Anton von Werner (1877), syner proklameringa av Det tyske keisardømet (18. januar 1871 på Versaillesslottet).

Til venstre på podiet (i svart): Kronprinsen Fredrik (seinare Fredrik III), far hans keisar Vilhelm I og Fredrik I av Baden, som skåler for den nye keisaren.

I midten (i kvitt): Otto von Bismarck, den første kanslaren av Tyskland, Helmuth von Moltke den eldre, den prøyssiske stabssjefen

Utviklinga av Det tyske riket skjedde på liknande vis som utviklinga i Italia, som vart samla kort tid før Det tyske riket. Nokre av dei viktigaste elementa i Det tyske riket sin autoritære politiske struktur vart òg grunnlaget for den konservative moderniseringa i Det japanske keisardømet under Tokugawa og bevaringa av den autoritære politiske strukturen under tsarane i Det russiske riket.

Ein faktor i den sosiale oppbygginga i desse styreformene hadde vore at godseigarane, Junkerane, heldt på ein stor del av makta på grunn av mangel på revolusjonerande gjennombrot frå bøndene i kombinasjon med urbane område.

Bismarck sitt ønske var å halde fram med den autoritære politikken, men danne ein konstitusjonell fasade som skulle skjule han. I denne prosessen oppretta han eit system med ein alvorleg mangel. Det var ein stor vesensskilnad mellom det prøyssiske og det tyske valsystemet. Preussen hadde eit svært restriktivt tredelt vekta stemmesystem der den rikaste av dei tre klassane kunne stod for 85 % av stemmene, noko som sikra eit konservativt fleirtal. Som nemnd tidlegare så var kongen og (bortsett frå to unntak) statsministeren av Preussen også keisar og kanslar av riket, noko som tydde at dei same personane i desse posisjonane måtte søke fleirtal frå styresmakter som vart vald på heilt andre måtar i dei andre statane.

Tyskland oppstår som ei industrimakt

Under leiinga til Preussen og kanslar Bismarck oppstod Tyskland som ein nasjon og ei verdsmakt. I 1871 vart dei 39 enkelte statane, etter mange hundreår med splid, endeleg samla. Kongane av Sachsen og Bayern, fyrstane, hertugane og kurfyrstane, Braunschweig, Baden, Hannover, Mecklenburg, Württemberg, Oldenburg, støtta alle kongen Preussen, keisaren. Dette oppfylte eit djupt ønske i den tyske sjela og gav tyskarane ei lagnadskjensle og stor optimisme.

I 1871 var det 41 millionar innbyggjarar i Det tyske-riket. I 1913 var det neste 68 millionar, ein auke på meir enn 50 %. Meir enn halvparten av desse budde i byar og landsbyar. Det var ikkje berre innbyggjartale som voks. Grunnlaget for ein sterk økonomi mot slutten av hundreåret var stål og kol, og Tyskland gjorde store framsteget med begge:

Stålproduksjonen vart tolvdobla på 30 år. Kolproduksjonen vart femdobla på 30 år. Industriproudkt vart firedobla. Eksportvarer vart tredobla. Eksport av kjemikal vart tredobla. Eksport av maskineri vart femdobla.

På 30 år auka Tyskland sin del av verdshandelen med ein tredjedel. I 1914 var Tyskland, etter USA, den mektigaste industrinasjonen i verda. Sjølve bilete på den tyske industrimakta var kanskje selskapet Krupp. Den første Kruppfabrikken vart bygd i Essen i 1902. Tyskarane var henrykt over suksessen til Krupp og då grunnleggaren Alfred Krupp døydde var keisaren til stades i i den overdådige gravferda og kalla han «ein tyskar av tyskarar». I 1914 hadde selskapet 80 000 arbeidarar. Dei budde i Krupp-hus, Krupp-lækjarar tok imot borna deira på fødestova, borna gjekk på Krupp-skular, dei kjøpte maten sin i Krupp-butikkar, lånte bøker på Krupp-biblioteka, gifta seg i Krupp-kyrkjene og vart gravlagd på Krupp-gravplassen. Under Bismarck kom Tyskland nærare det ein dag ser på som sosialtrygd enn nokon annan nasjon. Tyske sjuke- og ulukkesforsikring, barselsstønad, kantiner, garderobar og pensjon før desse ein gong vart tenkt på i meir liberale land. Likevel var arbeidarlivet hardt. Stålfabrikkane hadde 12 timars dagar og ei arbeidsveke på 80 timar. Kvile og ferie var ikkje garantert. Det var fattigdom og opprør i Tyskland, som i andre industriland.

I 1912 var det marxistiske Sozialdemokratische Partei Deutschlands det største partiet i Reichstag, det tyske parlamentet. Men Reichstagen styrte ikkje Tyskland. Keisaren styrte Tyskland via embetsmennene sine, som han personleg tilsette. Winston Churchill sa «Ingen bør døme Kaiser Vilhelm II utan å spørje seg, Kva skulle eg gjort i denne posisjonen?»

Den tyske keisaren var òg konge av Preussen, og det var den prøyssiske styrken som gjorde at dei andre tyske statane aksepterte det prøyssiske styret. Prøyssarane påverka heile nasjonen, men det var mest av alt den militære påverknaden som dominerte.

Statane i riket

Før samlinga av Tyskland bestod dei tyske områda av 39 forbundsstatar. Desse statane bestod av kongedøme, storhertugdøme, hertugdøme, fyrstedøme, frie hansabyar og eit keisarleg område. Kongedømet Preussen var det største av statane og dekte om lag 60 % av heile Det tyske riket.

Fleire av desse statane hadde vorte suverene statar etter Det tysk-romerske riket vart løyst opp. Andre oppstod som suverene statar etter Wienerkongressen i 1815. Områda var ikkje nødvendigvis samanhengande og fleire statar bestod av fleire fråskilde område, både som følgje av historiske erobringar og delingar av familiegreiner.

mini|Medlemsstatar i Det tyske riket med Preussen i blått

mini|Det tyske koloniriket i 1914

Kvar del av Det tyske riket sende representantar til Bundesrådet (Bundesrat) og Riksdagen (Reichstag).

Forholdet mellom det sentrale styret i riket og dei forskjellige delstatane var noko flytande, og utvikla seg etter kva saker som dukka opp. Kor mykje keisaren til tider kunne blande seg inn i arvestridar eller uklåre arvefølgjerettar vart mykje debattert - til dømes arvestriden i Lippe-Detmold.

Bismarck-perioden

mini|venstre|Otto von Bismarck

Bismarck sin innanrikspolitikk spelte ei stor rolle i å forme den autoritære politiske kulturen i keisarriket. Tyskland var mindre oppteke av den politiske makta på kontinentet etter samlinga i 1871 og den delvis parlamentariske regjeringa utførte ei relativt glatt økonomisk og politisk omvelting ovanfrå, som var medverkande til at landet vart ein av dei førande industrimaktene i verda på denne tida.

Økonomi

Industrialiseringa utvikla seg dynamisk i Tyskland og tyske fabrikantar byrja å ta over heimemarknaden frå britiske importvarer, i tillegg til at dei vart ein konkurrent til britane utanlands, særleg i USA. Den tyske tekstil- og metallindustrien hadde i byrjinga av den fransk-prøyssiske krigen gått forbi Storbritannia med organisatorisk og teknisk effektivitet, og tok over den tidlegare britiske marknaden på heimebane. Tyskland vart den dominerande økonomiske makta på kontinentet og var den nest største eksportøren i verda etter USA. Ved hundreårsskiftet produserte tyske metall- og ingeniørindustriar mange varer for den frie marknaden i Storbritannia. I den første verdskrigen (1914–1918) produserte den tyske industrien militært utstyr som vart nytta i krigen. Dette inkluderte produksjon av gevær (Gewehr 98), pistolar (P08 Luger), maskingevær (Maxim maskingevær), bombekastarar (Minenwerfer), og andre typar tung og lett artilleri. I tillegg var tyskarane leiande innan fysikk og kjemi, og ein tredjedel av nobelprisane gjekk til tyske vitskapsfolk og forskarar.

Ideologi