Kielce () er ein by sentralt i Polen med like over 200 000 innbyggjarar. Han er hovudstad i Święty Krzyż-voivodskapet (sidan 1999) og tidlegare i Kielce voivodskap (1919–1939, 1945–1998). Byen ligg midt i Świętokrzyskiefjella (Heilage Kross-fjella) ved breidda av elva Silnica. Han var ein gong eit viktig senter for kalkstein, og er i dag eit handelssenter.

Den 4. juli 1946 var staden åstad for ein pogrom der antisemittiske polakkar tok livet av 47 jødar i byen, medan 50 vart skadde.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kielce» frå , og «Kielce» frå den 15. juni 2008.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Polen Kategori:Święty Krzyż-voivodskapet Kategori:Shtetlar