Vestre Jakobselv kyrkje, tidlegare Vestre Jakobselv kapell, står i Vestre Jakobselv i Vadsø kommune i Finnmark fylke, og er ei langkyrkje frå 1940. Ho er teikna ved kontoret til Statens bygningsinspektør og er bygd i tre. Teikningar laga til Kronprins Olavs og Kronprinsesse Märthas kapell i skogsbygda Tørberget i Trysil kommune vart gjenbrukte.

Inventaret i kyrkja er frå byggeåret eller seinare.

Vestre Jakobselv kyrkje høyrer til Vadsø kyrkjesokn i Varanger prosti.

Kyrkja kom uskadd frå krigen, men vart ei tid brukt som sjukehus til erstatning for Vadsø sjukehus. Arne Fjellbu: Minner fra krigsårene. Forlaget Land og kirke, Oslo 1945

Kjelder Arkitekturguide for Nord-Norge og Svalbard

Fotnotar

Bakgrunnsstoff

Om Vadsø sokn på nettstaden til Den norske kyrkja «Kirker i Vadsø sogn» på nettstaden til Varanger prosti Kart frå 1979 som viser kyrkjestader og soknegrenser, på nettstaden til Universitetet i Bergen «Kirkebøker, Finnmark» på nettstaden til Arkivverket

Kategori:Kyrkjer i Vadsø Kategori:Bygningar i Finnmark og Nord-Troms frå før 1944 Kategori:Kyrkjer i Varanger prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1940 Kategori:Kulturminne i Vadsø