Matamata er ein småby i regionen Waikato på Nordøya på New Zealand. Det totale folketalet i området ligg kring 12 000 menneske, der den eine halvdelen bur i byen, den andre ute på bygda. Byen ligg nær høgdedraget Kaimai Ranges, og i eit blømande landbruksområde som er kjent for oppdrett av fullblodshestar. Han er ein del av distriktet Matamata Piako, som omfattar dei omgjevande landdistrikta så vel som tettstadane Morrinsville og Te Aroha.

Riksvegen State Highway 27 og jarnvegssidelinja Kinleith Branch railway går gjennom byen.

Hobbiton Ein nærliggjande gard vart nytta som staden «Hobbiton» i Peter Jackson sin filmtriologi The Lord of the Rings, og eit «Velkomen til Hobbiton»-skilt er no sett opp ved hovudvegen. Ved eit merkeleg tilfelle er den einaste andre byen i verda med same namn — Matamata i Tunisia — nytta ved innspelinga av George Lucas sin filmserie Star Wars.

Media Matamata er òg sete for ulike mediakanalar, mellom desse fjernsynskanalane tvCentral, TV Rotorua og iTV Live, noko som er uvanleg for ein by av denne storleiken.

Andre tettstader i Matamata-området Hinuera Peria Turanga-o-moana Te Poi Waharoa Walton Wardville

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Matamata» frå , den 19. juni 2008.

Bakgrunnsstoff Matamata i-SITE Information Centre, heimeside for Matamata Media tvCentral Scene — lokalavis Matamata Chronicle — lokalavis

Kategori:Busetnader i Waikato‎ Kategori:Byar på New Zealand