mini|Hoppar i antikken. Friidrett er ei samling idrettsøvingar som typisk blir utført av enkeltutøvarar med få hjelpemiddel. Øvingane består i hovudtrekk av hopp, løp og kast innanfor visse rammer. Ein tevla innan friidrett under dei antikke olympiske leikane, og desse øvingane har også utgjort ryggraden i dei moderne olympiske leikane.

I dag blir friidrett vanlegvis arrangert på ein 400 meter lang bane, der dei fleste løpsøvelsene blir arrangert, med eit felt innanfor der kast- og hoppøvelsane finn stad.

Det internasjonale friidrettsforbundet, IAAF (International Association of Athletics Federations), blei grunnlagt i 1912 ved ein kongress i Stockholm. Det er IAAF som arrangerer VM i friidrett, første gong i 1983 i Helsingfors. Norsk friidrett er organisert i Norges Fri-idrettsforbund (NFIF).

Løpsøvingar Sprint 60 meter 100 meter 200 meter 400 meter Mellomdistanse 800 meter 1500 meter 1 engelsk mil Langdistanse 3000 meter 5000 meter 10000 meter Hekk / Hinder 80 meter hekk 100 meter hekk 110 meter hekk 300 meter hekk 400 meter hekk 2000 meter hinder 3000 meter hinder

Tekniske øvingar Kast Spydkast Kulestøt Diskos Sleggekast Vektkast Hopp Høgdehopp Lengdehopp Stavsprang Tresteg Hopp utan tilløp (innandørs)

Høgde utan tilløp Lengde utan tilløp Tresteg utan tilløp

Andre øvelsar Mangekamp Femkamp Sjukamp Tikamp Stafettløp 4 x 100 meter 4 x 400 meter 1000 meter 4 x 800 meter 4 x 1500 meter. Terrengløp 2 km («kort løype», kvinner) 3 km («kort løype», menn) 6 km («lang løype», kvinner) 10 km («lang løype», menn) Landevegsløp / gateløp 10 km halvmaraton maraton

Kappgang Vanlegvis 3 km, 5 km, 10 km, 20 km og 50 km.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Friidrett» frå , den 1. juli 2008.

Bakgrunnsstoff Norges Friidrettsforbund Veteranfriidrett (statistikkside) (engelsk)

Kategori:Idrettsgreiner