Buzău () er ein by i Romania og hovudsete i Buzău fylke. Han har om lag 115 000 innbyggjarar og ligg i den historiske regionen Valakia. Han ligg ved breidda til Buzăuelva, mellom den søraustlege svingen i Karpatane og låglandet på Bărăgansletta.

Han vart først nemnd i 376 e.Kr. og var ein viktig handelsby i Valakia og eit austleg-ortodoks bispesete i mellomalderen. Etter ein periode med mykje øydelegging på 1600- og 1700-talet kom Buzău seg sakte att og er i dag ein viktig moderne by søraust i Romania.

Busetnader mini|Kommunen Buzău innanfor Buzău fylke Buzău er ein municipiu (større bykommune) med den eine busetnaden:

Busetnad Folketal 2011 Folketal 2021 Buzău 115 494 103 481

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Buzău» frå , den 10. juli 2008.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Buzău fylke Kategori:Fylkeshovudstader i Romania Buzau