Nera (serbisk: Нера (Nera), ungarsk: Néra) er ei 124 km lang elv i Romania og Serbia, og ei av sideelvane til Donau frå venstre.

Romania Nera spring ut i Semenicfjella, den austlegaste delen av regionen Banat sør for byen Reșița i Caraș-Severin fylke i Romania. Elva startar der dei to mindre elvane Nergana og Nerganița renn saman sør for fjelltoppen Piatra Grozbe. Ved landsbyen Borlovenii Vechi snur Nera sørvestover og renn mellom Semenic- og Banatfjella. Her mottar Nera Rudăria frå venstre og renn gjennom landsbyane Prilipeț, Dalboșeț og Moceriș, før ho når Șopotu-Nou, der ho brått snur nordvestover og rundt Semenicfjella. Ho renn så gjennom landsbyane Sasca Română, Sasca Montana, Slatina Nera og Naidăș, og frå her vert ho ei grenseelv mellom Romania og Serbia dei siste 27 km av elva.

Grenseelv Som grenseelv renn Nera gjennom senkinga Bela Crkva (Belocrkvanska kotlina; kyrillisk: Белоцркванска котлина). Av busetnader på den rumenske sida finn ein Lescovița, Zlatița og Socol, og på den serbiske sida er det berre ein landsby ved sjølve elva, Kusić. Vračev Gaj ligg i nærleiken av elva og her snur elva sørover og munnar ut i Donau nær landsbyen Stara Palanka.

I den siste delen av elva er ho 20-40 meter brei med varierande djup. Elveleiet består hovudsakleg av grus, og renn over i fleire limanar fylt med gjørmete vatn.

Nera har eit nedslagsfelt på 1240 km², som høyrer til Svartehavet. Elva er ikkje farbar.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Nera River (Danube)» frå , den 6. juli 2008. oppgav desse kjeldene: Mala Prosvetina Enciklopedija, Third edition (1985); Prosveta; ISBN 86-07-00001-2 Jovan Đ. Marković (1990): Enciklopedijski geografski leksikon Jugoslavije; Svjetlost-Sarajevo; ISBN 86-01-02651-6 Administrația Națională Apelor Române - Cadastrul Apelor - București Institutul de Meteorologie și Hidrologie - Rîurile României - București 1971 Trasee turistice - județul Caraș

Kategori:Elvar i Romania Kategori:Elvar i Serbia Kategori:Vojvodina Kategori:Caraș-Severin fylke Kategori:Sideelvar til Donau