mini|Bjelland kyrkje Bjelland er ein tidlegare norsk kommune i Vest-Agder fylke, og eit kyrkjesokn i Mandal prosti.

Namnet på kommunen og soknet kjem frå garden Bjelland, som har vore kyrkjestad sidan mellomalderen.

Kommunesoge Bjelland vart oppretta som eigen kommune i 1902. Før dette var Bjelland ein del av Bjelland og Grindheim kommune.

I 1962 vart Bjelland slegen saman med Laudal og Øyslebø til den nye storkommunen Marnardal.

Kjelder Dag Juvkam: «Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen», Statistisk sentralbyrå, 1999. s. 36-41

Bakgrunnsstoff

Kategori:Tidlegare kommunar i Vest-Agder Kategori:Marnardal kommune Kategori:Norske kommunar skipa i 1902 Kategori:Norske kommunar nedlagde i 1962 Kategori:Historie i Lindesnes