Oltenia eller Vesle-Valakia er ein historisk provins og geografisk region i Romania, vest i Valakia. Området ligg mellom Donau, dei sørlege Karpatane og elva Olt.

Geografi Oltenia består av fylka: Gorj Dolj og delar av fylka Mehedinţi (hovudsakleg i Oltenia, men den vestlege delen av regionen ligg i Banat) Vâlcea (hovudsakleg i Oltenia, men den austlege delen høyrer til Muntenia) Olt (den vestlege halvdelen, tidlegare Romanaţi fylke) Teleorman (berre landsbyen Islaz)

Den største byen i Oltenia er Craiova. I mellomalderen var byen òg sete i provinsen. Andre byar er Drobeta-Turnu Severin, Râmnicu Vâlcea, Târgu Jiu, Caracal og Motru.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Oltenia» frå , den 7. juli 2008. oppgav desse kjeldene: Vlad Georgescu, Istoria ideilor politice româneşti (1369-1878), Munich, 1987 Neagu Djuvara, Între Orient şi Occident. Ţările române la începutul epocii moderne, Humanitas, Bucharest, 1995 Constantin C. Giurescu, Istoria Bucureştilor. Din cele mai vechi timpuri pînă în zilele noastre, Ed. Pentru Literatură, Bucharest, 1966, p.93 Şerban Papacostea, Oltenia sub stăpânirea austriacă (1718-1739), Bucharest, 1971, s. 59

Kategori:Historiske regionar i Romania