mini|China Central Television Tower er den høgaste bygningen i byen Beijing. China Central Television, ofte omtala ved forkortinga CCTV, (kinesisk skrift 中国中央电视台, pinyin Zhōngguó zhōngyāng diànshìtái), er det største fjernsynsselskapet i Kina.
Historie CCTV kringkasta for første gong den 2. september 1958 under namnet Beijing dianshitai (Beijingfjernsynet), etter prøvesendingar sidan 1. mai. Namnet vart endra til CCTV den 1. mai 1978. I 2008 opna ein det nye hovudkvarteret i Beijing.
Fram til slutten av 1980-talet hadde CCTV, som mange andre kinesiske fjernsynsstasjonar på den tida, berre sendingar på ein kanal. CCTV sendte då berre om kvelden, og sendingane pleide å slutte rundt midnatt. Om sommaren og vinteren sendte CCTV midt på dagen for studentar som hadde ferie. I 2007 hadde CCTV om lag 15 kanalar, blant anna den engelskspråklege CCTV9 som sender heile døgeret.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Offisiell nettstad Offisiell nettstad
Kategori:Statlege kringkastingsselskap Kategori:Skipingar i 1958 Kategori:Kinesiske føretak