Løten er ein kommune i Innlandet fylke. Kommunen ligg mellom Hamar og Elverum. Namnet Løten kjem av norrønt Lautin. Ordet er ein kombinasjon av «Laut» og «vin». Laut tyder ei djupne i bakken og «vin» tyder eng. Namnet vart skrive «Løten» frå starten av 1800-talet.
Løten den av dei opphavlege tettstadane på Hedmarken som låg lengst aust. Området har vore ei gjennomfartsåre for trafikk mellom aust og vest i uminnelege tider. Det gamle kommunesenteret låg ved Løten kyrkje, som er frå 1200-talet. Då jarnbanen Grundsetbanen vart opna i 1862, vart Løten stasjon det nye senteret for handel og administrasjon.
Løiten Brænderi, som vart oppretta i 1855, har vore med å gjera Løten kjend. Akevitt-produksjonen vart overteke av Vinmonopolet i 1927, men råspritproduksjonen heldt fram til 1990-åra. Den tradisjonsrike Løiten-akevitten vert i dag produsert av Arcus Produkter.
Folk frå Løten Edvard Munch (1863–1944), kunstmålar Elias Trætteberg (1864-1951), skulemann og politikar Laila Preikschas Nygjerdet (f. 1943), artist kjend som Cowboy-Laila Kjersti Bronken Senderud (f. 1971), forfattar, fødd på Hamar
Bilete
Kjelder
Bakgrunnsstoff Løten kommune
Kategori:Tidlegare kommunar i Hedmark Kategori:Kommunar i Innlandet