Tsjirinkotan (russisk Чиринкотан) er ei lita vulkanøy i Kurilane i Russland. Ho er 6 km² stor og ligg 25 km frå Ekarma. Øya har ein diameter på 3 km og ei høgd på 724 meter over havet med ein markant kaldera på 1 km i diameter. Øya har bratte fjellsider. Tsjirinkotan er framleis aktiv og det siste kjende utbrotet kom i 1986.
Administrativt høyrer øya til Sakhalin oblast.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «en:» frå , den 15. juli 2008. oppgav desse kjeldene: Global Volcanism Program
Kategori:Kurilane Kategori:Vulkanar i Russland Kategori:Stratovulkanar Kategori:Aktive vulkanar Kategori:Sakhalin oblast Kategori:Øyar i Russland