Diksonøya (russisk Ди́ксон), opphavleg Dickson, er ei øy i Krasnojarsk kraj i Russland. Ho ligg i Karahavet nær munningen av Jenisej. Ved kysten ligg ein liten busetnad kalla Dikson med ei lita hamn og ein vêrstasjon. Her ligg òg Dikson lufthamn.

Diksonskij distrikt dekkjer eit område på 200,419 km² og hadde i 2004 rundt 1100 innbyggjarar.

Dikson er ei anløpshamn langs Nordaustpassasjen frå Murmansk til Beringhavet. Han ligg berre to timar med fly frå Nordpolen.

Klima mini|venstre|Kart over Dikson mini|Dikson og Dudinka

Dikson har eit hardt arktisk klima. Vêret (sjølv i august) kan vere ubehageleg. Vintrane i Dikson varer i ti månader, og i to av desse månadene er det mørketid.

Historie mini|Sovjetisk frimerke som markerer 50-årsjubileumet for opprettinga av busetjinga Dikson frå 1965 Dikson og dei omliggande områda er kalla opp etter den svenske polarpioneren baron Oscar Dickson. På 1600-talet vart øya kalla Dolgyøya («Langøya») eller Kuzkin etter oppdagarane frå Pomor. I 1875 kalla den finlandssvenske utforskaren Adolf Erik Nordenskiöld øya opp etter den rike svenske kjøpmannen og filantropen Oskar Dickson, som hadde skotsk opphav. Namnet vart raskt russifisert ved at bokstaven «c» vart fjerna. Dikson har vore det offisielle namnet på øya sidan 1884. Oscar Dickson, i lag med Aleksandr Mikhajlovitsj Sibirjakov, hadde støtta fleire polarekspedisjonar på 1800-talet, inkludert Adolf Erik Nordenskiöld sin russiske polarekspedisjon.

I 1915 vart den første russiske radiostasjonen i Arktis oppretta på øya. Hamna på fastlandet vart bygd i 1935, og i 1956 hadde dei to busetjingane der vokse saman til ein.

Under den andre verdskrigen vart busetjinga bombardert av den tyske kryssaren «Admiral Scheer» i august 1942 under Operasjon Wunderland.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Dikson Island» frå , den 18. juli 2008. oppgav desse kjeldene: Plassering Miljø William Barr, The Last Journey of Peter Tessem and Paul Knutsen, 1919. Russisk-sovjetiske polarstasjonar og rolla deira i utforskinga av Nordishavet

Bakgrunnsstoff Bilete ved russia.com

Kategori:Øyar i Russland Kategori:Krasnojarsk kraj Kategori:Øyar i Arktis Kategori:Karahavet