mini|Gjemnessundbrua mini|Gjemnessundbrua mini|Gjemnessundbrua (Krifast) Gjemnessundbrua er ei hengebru som kryssar Gjemnessundet mellom Gjemnes på fastlandet og Bergsøya i Møre og Romsdal. Gjemnessundbrua opna i 1992. I dag er brua ein del av Europaveg 39.

I totallengd er ho den lengste hengebrua i Noreg, men ikkje ut frå enkeltspenn. Brua er 1257 meter lang, hovudspennet er 623 meter og seglingshøgda er 43 meter. Brua har 21 spenn.

Krifast Gjemnessundbrua er ein del av «Krifast», fastlandssambandet til Kristiansund. Krifast er eit trekantsamband, der tre vegar har møtepunktet sitt på Bergsøya. Bompengar finansierer ein del av dette veganlegget og bomstasjonen ligg på Bergsøya, i knutepunktet mellom desse tre vegane. Vegen frå aust, frå Tingvoll kommune går over Bergsøysundbrua og Straumsundbrua. Vegen frå Gjemnes i sør, over Gjemnessundbrua. Vegen frå Kristiansund i nord, under Freifjorden i den undersjøiske Freifjordtunnelen.

Krykkjekoloni Gjemnessundbrua har den nest største krykkjekolonien i Møre og Romsdal og ein av dei største i landet. På kvart av bruspenna ligg det tett i tett med krykkjereir. Krykkjer er kolonihekkarar og bygger reir i bratte fjell (fuglefjell) på små berghyller. De små framspringa på bruspennet er utmerka rugeplass for krykkjer.

Eit stort problemet er fugleskit som tærer på betongen og skadar han. Betongen vert meir sårbar for saltinntrengning som gjer at armeringen rustar. Mange bruer må reparerast fordi det salte sjøvatnet trekker inn i betongen og får armeringsjernet til å ruste.

Kolonien har vore uønskt i fleire år, men krykkjene har nekta å forlate hekkeplassen. I staden for å jage vekk krykkjene legg Vegvesenet til rette for at krykkjene kan bruke brua som rugeplass. Brua har vorte spylt og gjorde rein, og elastisk, sprekkoverbyggande membran er lagt på betongen for å verne mot stoffa i fugleskiten.

Sjå òg Bruer i Noreg Bruer i Noreg etter lengd

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Gjemnessundbrua» frå , den 25. juli 2008. oppgav desse kjeldene: Tidens Krav 15.mars 2004 NRK Noregsglasset 19. juni 2006

Bakgrunnsstoff

Side om Gjemnessundbrua Structurae om Gjemnessundbrua Bilete av Gjemnessundbrua

Kategori:Vegbruer i Møre og Romsdal Kategori:Vegar i Gjemnes Kategori:Europaveg 39 i Noreg Kategori:Bruer opna i 1992 Kategori:1992 i Noreg Kategori:Hengebruer i Noreg