mini|Hubble- og Spitzer Space Telescope-bilete sette saman til eitt. Hubble-biletet er teke i synleg lys medan Spitzer-biletet er teke i infraraudt. Sombrerogalaksen (katalogisert M104 og NGC 4594) er ein spiralgalakse 50 000 lysår på tvers som ligg rundt 28 millionar lysår unna i stjernebiletet Jomfrua.«The Majestic Sombrero Galaxy (M104)» - biletteksten til eit Hubble-bilete av galaksen på ein av dei to offisielle heimseidene til teleskopet I midten av galaksen ligg det eit supermassivt svart hòl med ein masse på om lag éin milliard solmassar.

Sombrerogalaksen ligg i den sørlege enden av galaksehopen Jomfru-hopen og er eit av dei mest massive objekta i hopen.

Namnet til galaksen kjem av at han kan likna på ein meksikansk sombrerohatt. Bakgrunnsstoff

Artikkel om Sombrerogalaksen på ITA si heimesida

Kjelder

Kategori:Spiralgalaksar Kategori:LINER-galaksar Kategori:Jomfrua Kategori:Messierobjekt Kategori:NGC-objekt