mini|Plasseringa til Salkaj og naboøyane i Laptevhavet. Salkaj eller Salkaj Aryta er ei øy i Laptevhavet i Russland. Ho ligg på vestsida av Olenekbukta, om lag 40 km nordvest for Olenekdeltaet. Ho er 7 km lang og opp mot 3 km brei.

Området rundt Salkaj er utsett for det harde arktiske vêret med mange stormar og streng kulde. Havet omkring øya er isdekt ni månader av året slik at ho og naboøyane er landfaste det meste av året.

Nærliggande øyar 1,5 km lenger nord ligg Orto Ary. Ho er litt mindre, 5 km lang og 2,7 km på det breiaste. Daldalakh er ei like nord for Orto Ary igjen, og berre eit smalt sund skil ho frå fastlandet lenger nordvest. Daldalakh er 5,5 km lang og 3,3 km på det breiaste.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Salkay Island» frå , den 7. august 2008. oppgav desse kjeldene: & Geografisk data http://land.worldcitydb.com/ostrov_salkay_4197693.html

Kategori:Øyar i Arktis Kategori:Øyar i Russland Kategori:Laptevhavet Kategori:Sakha