mini|Hubble-bilete av Netthinnetåka. Netthinnetåka eller Retinatåka (katalogisert IC 4406) er ei planetarisk tåka som ligg rundt 1900 lysår unna jorda i stjernebiletet Ulven. Som mange planetariske tåker framviser Netthinnetåka ei symetrisk form. Frå jorda ser ein Netthinnetåka ifrå sida og ho verkar flat, men tåka har eigentleg form som ein smultring.«The Retina Nebula: Dying Star IC 4406» - billetteksten til Hubble-biletet på éi av dei to offisielle heimesidene til teleskopet.
I tåka finst det mørke trådar av kjølig, nøytral gass. Desse sender ikkje ut stråling sjølv i form av synleg lys, men kan sjåast i silhuett av di dei er 1000 gongar tettare enn gassen i resten av tåka. Trådane har ei breidd på 160 AE eller 160 gongar avstanden mellom sola og jorda. Det er ukjend om dei etter kvart vil gå i oppløysing eller om dei vil overleva stjernedøden.
Bakgrunnsstoff
Kort om trådane av støv og gass på Hubble-sida (engelsk) Artikkel av Knut Jørgen Røed Ødegaard om Netthinnetåka (bokmål)
Kjelder
Kategori:Planetariske tåker Kategori:IC-objekt Kategori:Ulven