Raundalen er eit dalføre aust for Vossevangen i Vestland fylke. Dalføret strekkjer seg frå Urdland i vest til Upsete i aust. Bergensbanen går langs heile nordsida av Raundalen, forbi grendene Urdland, Skiple, Reimegrend og Mjølfjell. Raundalselvi er ei populær elv for rafting. Øykjafonn er det høgaste fjellet i dalføret med 1604 meter over havet.
Namnet kjem truleg frå norrønt språk. Ordet «hraun» som tyder «nakent fjell», noko som høver bra for ein del av fjella i dalstroket.
Namnet Raundalen vert òg nytta som eit etternamn. Av personar med Raundalen som etternamn kan nemnast psykologen Magne Raundalen.
Kategori:Geografi i Voss Kategori:Dalar i Vestland