Rønnaug Kleiva () er ein norsk forfattar og dramatikar fødd på Vartdal på Sunnmøre.
Ho debuterte med diktsamlinga Animasjon i 1985 og har sidan gitt ut 29 bøker i ymse sjangrar for vaksne og barn. Ho er representert i ei rekke antologiar og norskverk for grunnskule og vidaregåande skule. Bøkene hennar er omsette til gresk, dansk, svensk, serbisk og russisk. Ho er også representert i antologiar på tysk, bosnisk og tsjekkisk.
Kleiva var festspeldiktar ved Vinterfestspillene i Bergstaden i 2001 og har motteke fleire prisar for bøkene sine. For boka Ikkje gløym å klappe katten fekk ho både Kritikarprisen for barnebøker og Kulturdepartements barnelitteraturpris i 1997. Rønnaug Kleiva var og festspeldiktar under Dei Nynorske Festspela i 2010.
Rønnaug Kleiva er utdanna cand. mag. med lærarskule, idrett grunnfag og norsk mellomfag og har arbeidd som lærar i 15 år. Ho har også teke forfattarstudiet ved Høgskulen i Telemark i Bø.
Verk Animasjon – diktsamling – Samlaget, 1985 Å fø fram ein kalv over vinteren – prosatekstar – Samlaget, 1986 Fuglane kor dei flyg – barnebok – Illustrert av Kari Bøge, Samlaget, 1988 Kven sin dag er dette? – barnebok – Illustrert av Alf-Kaare Berg, Samlaget, 1989 Balansepunkt – prosalyrikk – Samlaget, 1990 Plutseleg no – ungdomsroman – Samlaget, 1990 Ein underleg vinter – biletbok – Illustrert av Malgorzata Piotrowska]], Samlaget, 1991 Einmannsbåten – barnebok – Samlaget, 1993 Eg greier meg – barnebok –Illustrert av Las Elling, Samlaget, 1994 I ovnen er lammet – diktsamling –Illustrert av Arne Nøst, Cappelen, 1995 Greske gudar og gudinner – fagbok – Samlaget, 1996 Ikkje gløym å klappe katten – barnebok – Illustrert av Inger Lise Belsvik,Samlaget, 1997 Som før – Labyrinter, 1998 Kjærleik på pinne frå Ouagadougou – barnebok – Samlaget, 1999 Kvinner med fingermanualar – skodespel – Solum, 2001 Fangeteneste – novellesamling – Samlaget, 2001 Om dagen kan ein flyge – biletbok – Illustrert av Akin Düzakin, Samlaget, 2001 Ingen reell fare – roman – Samlaget, 2003, 2004 Ein ettermiddag – dramatikk – Solum, 2004 La oss krysse Nilen – prosa – Samlaget, 2005 Eg rømmer – biletbok – Illustrert av Inger Lise Belsvik, Samlaget, 2005 Andre sida av Paris – ungdomsroman – Samlaget, 2007 Ikkje for varmt, ikkje for kaldt – novellesamling – Samlaget, 2008 Vegen heim frå Sarajevo – ungdomsroman –Samlaget, 2009 Notat vedrørande kjærleik – noveller – Samlaget, 2010 Armenia, Albania, Argentina – roman – Samlaget, 2012 Båtar på vatnet. Etter beleiringa. Så hyggeleg (Dramatikk), 2015 Western Desert (Noveller for voksne), 2017 Liljene på stranda (Voksenroman), 2019 Vinden og kattane (Ungdomsroman, Samlaget, 2021)
Prisar Noregs Mållags barnebokpris 1990 for Plutseleg no Kritikarprisen for barne- og ungdomsbøker 1997 for Ikkje gløym å klappe katten Samlagsprisen 1998 Kulturdepartementets barnelitteraturpris 1997 for Ikkje gløym å klappe katten Sigmund Skard-stipendet 2003
Referansar
Bakgrunnsstoff Nettstaden til Rønnaug Kleiva
Om Rønnaug Kleiva på nettstaden til Norske Dramatikeres Forbund Rønnaug Kleiva i NRK Forfatter
Kategori:Norske barnebokforfattarar Kategori:Norske dramatikarar Kategori:Norske lyrikarar Kategori:Folk frå Ørsta Kategori:Forfattarar frå Møre og Romsdal Kategori:Nynorskforfattarar Kategori:Norske skjønnlitterære debutantar i 1985 kategori:Vinnarar av Kritikerprisen Kategori:Vinnarar av Nynorsk barnelitteraturpris Kategori:Vinnarar av Samlagsprisen