Samuel Beckett () var ein irsk forfattar, fødd i Dublin. Han debuterte som lyrikar på engelsk, men skreiv for det meste verka sine på fransk. På 1950-talet var han ein leiande representant for absurd teater. I dei absurde skodespela Mens vi venter på Godot (1952) og Sluttspill (1957) blir det skildra ei uendeleg, fåfengd venting på forandring, med absurd dialog og minimal handling. Romantrilogien Molloy (1951), Malone dør (1951) og Den unevnelige består av dei endelause monologane til ei røyst som formulerer Beckett sitt pessimistiske grunnsyn om menneskets ubotelege einsemd. Beckett vann Nobelprisen i litteratur i 1969, men henta han ikkje.

Utvalde verk skrivne på fransk 1951 - Molloy (roman) 1951 - Malone meurt (roman; engelsk: Malone Dies; norsk Malone dør) 1952 - En attendant Godot (drama i to akter; engelsk: Waiting for Godot; norsk Mens vi venter på Godot eller Vente på Godot) 1953 - L'Innommable (roman; engelsk: The Unnamable; norsk Den unevnelige) 1955 - Nouvelles et textes pour rien (noveletter; engelsk: Stories and Texts for Nothing) 1957 - Fin de partie (drama i éin akt; engelsk: Endgame; norsk Sluttspill) 1961 - Comment c'est (roman; engelsk: How it is) 1967 - Têtes-mortes (noveletter) 1970 - Premier Amour (novelle skrive 1945) 1970 - Mercier et Camier (roman skriven 1946) 1978 - Pas, suivi de Quatre esquisses (drama) 1979 - Poèmes 1981 - Mal vu mal dit (kortprosa; engelsk Ill seen ill said; norsk Vagt sett vagt sagt) 1982 - Catastrophe (drama dedikert til Vaclav Havel)

Utvalde verk skrivne på engelsk 1930 - Whoroscope (dikt) 1934 - More Pricks than Kicks (noveletter) 1935 - Echo's Bones and Other Precipitates (dikt) 1938 - Murphy (roman) 1953 - Watt (roman) 1957 - All That Fall (drama; fransk: Tous ceux qui tombent) 1957 - From an Abandoned Work (fransk: 'D'un ouvrage abandonné) 1958 - Krapp's Last Tape (drama; fransk: La Dernière bande; norsk Krapps siste spole) 1959 - Embers (fransk: Cendres) 1961 - Happy Days (drama; fransk: Oh ! les beaux jours; norsk Lykkelige dager) 1962 - Words and Music (høyrespel; fransk: Paroles et musique) 1963 - Play (drama; fransk: Comédie) 1967 - Eh Joe (drama for fjernsyn, skrive april-mai 1965) 1969 - Breath (drama; fransk: Souffle (er hevda å vere både tidenes kortaste stykkje og ein spøk frå Beckett si side) 1973 - Not I (drama; fransk: Pas moi) 1976 - That Time (drama; fransk: Cette fois) 1976 - Footfalls (drama; fransk: Pas) 1976 - Ghost Trio (drama for fjernsyn, akkompagnert av Largo frå femte trio for piano (The Ghost) av Beethoven; fransk: Trio fantôme) 1977 - ...But the Clouds... (drama for fjernsyn) 1980 - Company (kortprosa; fransk Comapgnie; norsk Selskap) 1982 - A Piece of Monologue (drama skrive 1979 for David Warrilow) 1981 - Ohio Impromptu 1981 - Rockaby (drama; fransk: Berceuse) 1984 - Quad (drama) 1984 - Nacht und Traüme (drama, akkompagnert av dei sju siste taktane av Schuberts Lied Nacht und Traüme) 1984 - What Where (drama) 1984 - Worstward Ho (kortprosa; ikkje omsett til fransk før etter Beckett sin død; norsk Videre verstover (1993), gjendikta av Morten Claussen

Kjelder

Studia: moderne kunnskap for alle. A-Fn. Bertmark Norge AS, 2002 (3. rev. utg) ISBN 82-7624-065-8

Delar av denne artikkelen bygger på «Samuel Beckett» frå , den 14. august 2008.

Kategori:Irske forfattarar Kategori:Irske nobelprisvinnarar Kategori:Nobelprisen i litteratur Kategori:Folk frå Dublin