Roald Edgar Aas () var ein norsk skøyteløpar.
Roald Aas var gjennom det meste av 1950-talet ein god nummer to i norsk skeisesport - etter Hjalmar Andersen og Knut Johannesen. Han tok ein NM-tittel i 1956; ellers vart han nr. 2 heile sju gonger. Han gjekk for Oslo Idrettslag fram til 1956, då meldte han seg inn i Oslo Skøiteklub.
Han stilte for Noreg i samtlege europa- og verdsmeisterskap mellom 1951 og 1960, og var nesten alltid blant dei ti beste. Han fekk bronsemedalje i eit VM (1958) og to EM (1957 og 1960). Han deltok i tre OL. I Oslo i 1952 tok han bronse på 1500 m, men i OL i Cortina d'Ampezzo vart det ingen topplassering. I Squaw Valley i 1960 gjekk han heilt til topps, og delte gullmedaljen med Jevgenij Grisjin på 1500 m.
Roald Aas var dessutan også ein dyktig syklist, og vann noregsmeisterskap i lagtempo, landevegsritt og 4000 meter banesykling. Etter at han avslutta skøytekarrieren vart han klubbtrenar for Oslo Skøiteklub.
I 1956 vart Roald Aas tildelt Egebergs Ærespris.
Personlege rekordar 500 m - 42,3 1000 m - 1.27,4 1500 m - 2.10,4 3000 m - 4.41,7 5000 m - 8.01,6 10 000 m - 17.08,2
Referansar
Bakgrunnsstoff Om Roald Aas på SkateResults.com
Kategori:Norske skeiseløparar Kategori:Norske syklistar Kategori:Idrettsutøvarar frå Oslo Kategori:Olympiske meistrar for Noreg Kategori:Vinnarar av Egebergs Ærespris Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1952 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1956 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1960 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1952 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1956 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1960 Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Noreg Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1952 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1960