Inger Reidun Aufles (), fødd Døving, er ein tidlegare norsk langrennsløpar. Ho vaks opp i Valldal der far hennar var kjend som ein dugande skiløpar med ei rad kretsmesterskap. Aufles representerte Kjærstad IL frå Mosjøen, dit ho flytte i 1961 og byrja å trene systematisk.Grunn og gror. Norddal Bygdebøker. Bind IV. Valldal 1976. Ho vann tre olympiske medaljar: Gull på 3 x 5 km stafett og bronse på 10 km i Vinter-OL i Grenoble i 1968 Bronse på 3 x 5 km stafett i Vinter-OL i Sapporo i 1972

Aufles har og ei sølvmedalje i stafett frå Ski-VM i Oslo i 1966.

I 1969 fekk ho, som den første kvinna, kongepokalen i langrenn, for sigeren på 5 km under NM i Alvdal. Ho vart og Noregsmeister på 10 km i 1968. Det året vart ho kåra til beste kvinnelege idrettsutøvaren i Noreg.

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 1964: Nr 4 på 5 km på Furnes Ski-NM 1965: Nr 7 på 10 km på Fåberg Ski-NM 1966: Sølv på 10 km og bronse på 5 km på Hernes Ski-NM 1967: Sølv på 10 km og bronse på 5 km på Skorovatn Ski-NM 1968: Gull på 10 km og sølv på 5 km i Bærum Ski-NM 1969: Gull på 5 km og bronse på 10 km i Alvdal Ski-NM 1970: Sølvmedalje både på 5 km og 10 km i Meldal Ski-NM 1971: Bronsemedalje på 10 km på Fåberg Ski-NM 1972: Bronsemedalje på 10 km i Tydal

Ymse Inger Aufles' veg på Andås i Vefsn er oppkalla etter henne.

Kjelder

Astor Furseh: Skispor i Valldal gav OL-gull, i 100 år 100 navn. Personer som har preget Nordvestlandet. Sunnmørsposten Forlag 2000.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Norske langrennsløparar Kategori:Kongepokalvinnarar i skiidrett Kategori:Noregsmeistrar i langrenn Kategori:Olympiske meistrar for Noreg Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Noreg Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1968 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1968 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1968 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1972 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1972 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1972 Kategori:Folk frå Norddal