Ivar Ballangrud () var ein norsk skøyteløpar frå Lunner i Hadeland. Han var ein av dei beste skøyteløparane i verda i ein periode på 15 år, frå gjennombrotet som langdistanseløpar i 1924 og fram til 1939. Ballangrud utgjorde «Hadelandstrioen» saman med Michael Staksrud og Hans Engnestangen.
Biografi Som nittenåring gjorde Ivar Ballangrud sitt gjennombrot nasjonalt og internasjonalt i 1924, sjølv om det var for seint i sesongen til å bli med til Vinter-OL i Chamonix. Under VM i Helsingfors det året var han var parkamerat med finnen Julius Skutnabb, som nettopp hadde vorte olympisk meister i 10 000 m. Ballangrud slo finnen som var på heimebane. Dette var den første verdsmeisterskapen der Ballangrud deltok. Etter at den neste sesongen vart øydelagd på grunn av revmatisme, kom Ballangrud tilbake i 1926 og vart både noregsmeister og verdsmeister.
Under Vinter-OL i St. Moritz i 1928 vann Ballangrud si første olympiske gullmedalje. Det var då han vann på 5 000 m. Dessutan skaffa han seg ein sølvmedalje på 1500 m. Enno ein olympisk sølvmedalje fekk han fire år seinare, under OL i Lake Placid. Han kunne nok ha vore favoritt til å vinne enno fleire medaljar under dette OL, om ikkje distansane hadde vore arrangert som fellesstart, den rådande nordamerikanske metoden.
Ballangrud sin store sesong var i 1936, då han vann NM, EM, VM og tre OL-distansar; 500, 5 000 og 10 000 meter, pluss sølvmedalje på 1500 meter. Berre lagkameraten Charles Mathiesen kunne stogge Ballangrud i å vinne den distansen. 500-metersigeren var omdiskutert. Tilskodarar med stoppeklokke hadde langt dårlegare tid for Ballangrud enn den offisielle tida, og pressa hevda at det hadde oppstått ei misforståing mellom tidtakarar og protokollføraren, noko arrangørane lét vere å rette opp i av prestisjeomsyn. Sigeren gjekk difor til Ballangrud i staden for Georg Krog som mange meinte var den rette vinnaren.
I tillegg til lengdeløp på skøyter var Ballangrud aktiv i sykling og skihopping. Han var blant dei første norske idrettsutøvarane som konkurrerte i Sovjetunionen, men han høyrde til aldri Arbeidernes Idrettsforbund. Under og etter idrettskarrieren dreiv han sportsbutikk, først i Drammen og seinare i Trondheim.
Verdsrekordar Gjennom heile karrieren skøyta Ballangrud inn til fem verdsrekordar:
EventResultDateVenue5,000 m8.24,219. januar 1929Davos5,000 m8.21,611. januar 1930Davos3,000 m4.49,629. januar 1935Davos5,000 m8.17,218. januar 1936Oslo10,000 m17.14,46. februar 1938Davos
Personlege rekordar For å setje desse personlege rekordane i perspektiv, viser tabellen gjeldande verdsrekord på dei same datoane.
LengdeResultatDatoStadGjeldande verdsrekord500 m42,731. januar 1939St. Moritz41,81,000 m1.29,324. februar 1937Oslo1.28,41,500 m2.14,029. januar 1939Davos2.14,93,000 m4.49,629. januar 1935Davos4.59,15,000 m8.17,218. januar 1936Oslo8.18,910,000 m17.14,46. februar 1938Davos17.17,4
Merk at Ballangrud sin personlege rekord på 1,500 m ikkje var verdsrekord ettersom Hans Engnestangen skøyta inn 2.13.8 ved den same konkurransen.
Litteratur Eng, Trond. All Time International Championships, Complete Results: 1889 - 2002. Askim, Norway: WSSSA-Skøytenytt, 2002. Eng, Trond; Gjerde, Arild and Teigen, Magne. Norsk Skøytestatistikk Gjennom Tidene, Menn/Kvinner, 1999 (6. utgave). Askim/Skedsmokorset/Veggli, Norway: WSSSA-Skøytenytt, 1999. Eng, Trond; Gjerde, Arild; Teigen, Magne and Teigen, Thorleiv. Norsk Skøytestatistikk Gjennom Tidene, Menn/Kvinner, 2004 (7. utgave). Askim/Skedsmokorset/Veggli/Hokksund, Norway: WSSSA-Skøytenytt, 2004. Eng, Trond and Teigen, Magne. Komplette Resultater fra offisielle Norske Mesterskap på skøyter, 1894 - 2005. Askim/Veggli, Norway: WSSSA-Skøytenytt, 2005. Teigen, Magne. Komplette Resultater Norske Mesterskap På Skøyter, 1887 - 1989: Menn/Kvinner, Senior/Junior. Veggli, Norway: WSSSA-Skøytenytt, 1989. Teigen, Magne. Komplette Resultater Internasjonale Mesterskap 1889 - 1989: Menn/Kvinner, Senior/Junior, allround/sprint. Veggli, Norway: WSSSA-Skøytenytt, 1989.
Bakgrunnsstoff Ivar Ballangrud at SkateResults.com Ivar Ballangrud . Deutsche Eisschnelllauf Gemeinschaft e.V. (German Skating Association). Evert Stenlund's Adelskalender pages Historical World Records. International Skating Union. National Championships results. Norges Skøyteforbund (Norwegian Skating Association).
Kategori:Norske skeiseløparar Kategori:Olympiske meistrar for Noreg Kategori:Olympiske meistrar i lengdeløp på skeiser Kategori:Verdsmeistrar i lengdeløp på skeiser – Allround Kategori:Europameistrar i lengdeløp på skeiser – Allround Kategori:Noregsmeistrar i lengdeløp på skeiser – Allround Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Noreg Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar i lengdeløp på skeiser Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Noreg Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar i lengdeløp på skeiser Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1928 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1928 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1928 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1932 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1932 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1932 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1936 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1936 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1936 Kategori:Folk frå Lunner