Hallgeir Brenden () var ein norsk langrennsløpar frå Tørberget i Trysil.

Under Vinter-OL 1952 på heimebane i Oslo, vann han olympisk gullmedalje i 18 km langrenn og sølvmedalje i 4 * 10 km stafett. Brenden vann enda ei gullmedalje ved 15 km langrenn i Vinter-OL 1956 og skaffa seg sølvmedalje i 4 x 10 km stafett under Vinter-OL 1960 i Squaw Valley. 3 gonger har Brenden vunne i Holmenkollrenna: 18 km i 1952 og 15 km i 1956 og 1963. Han er den einaste som har vunne 18 km og 15 km i både vinter-OL, verdsmeisterskapen og i Holmenkollen.

I tillegg til langrenn konkurrerte Brenden også i friidrett. Her vart han noregsmeister på 3000 meter hinder både i 1953 og i 1954.

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 1951: Gullmedalje på 18 km i Narvik Ski-NM 1952: Gullmedalje på 18 km og 30 km i Porsgrunn Ski-NM 1953: Gullmedalje på 18 km i Trondheim Ski-NM 1955: Gullmedalje på 15 km og sølvmedalje på 30 km på Voss Ski-NM 1956: Gullmedalje på 15 km og 30 km i Drammen Ski-NM 1958: Sølvmedalje på 18 km og 30 km i Oslo Ski-NM 1959: Nr 6 på 50 km i Porsgrunn Ski-NM 1960: Gullmedalje på 15 km og bronsemedalje på 30 km i Nedre Eiker Ski-NM 1961: Gullmedalje på 30 km på Røros Ski-NM 1962: Nr 5 i 15 km i Skien Ski-NM 1963: Nr 5 på 30 km i Rælingen Ski-NM 1964: Nr 6 på 15 km på Voss

Ymse Brenden mottok Egebergs Ærespris og Morgenbladets gullmedalje i 1952. I 1955 vart Brenden tildelt Holmenkollmedaljen (delt med Kong Haakon VII, Veikko Hakulinen, og Sverre Stenersen). I 1956 vart han tildelt Fearnleys olympiske ærespris. Ein statue av Brenden vart avduka framfor Trysil rådhus den 16. februar 2002. Statuen er laga av bilethoggaren Skule Waksvik.

Bakgrunnsstoff

Vg.no:Hallgeir Brenden er død

Kategori:Norske langrennsløparar Kategori:Norske hinderløparar Kategori:Norske mellomdistanseløparar Kategori:Noregsmeistrar i friidrett Kategori:Olympiske meistrar for Noreg Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Noreg Kategori:Vinnarar av Holmenkollmedaljen Kategori:Vinnarar av Egebergs Ærespris Kategori:Vinnarar av Fearnleys olympiske ærespris Kategori:Vinnarar av Aftenpostens Gullmedalje Kategori:Kongepokalvinnarar i skiidrett Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1952 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1952 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1956 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1956 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1960 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1960 Kategori:Folk frå Trysil